• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5189417
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Fagarbeidar/assistent x 5 i inntil 50% fast stilling, Brattholmen skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

SFO inntil 50% x 5 stillingar – Brattholmen skule

Høyrast det spennande ut å arbeida på tvers i organisasjonen er det og mogleg å tilby deg høgare stilling

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ledig stilling frå 1.8.2023

 

Om avdelinga:

 

Brattholmen skule er ein barneskule med 330 elevar og 55 tilsette. Våre satsingsområde dette året er lesing, djubdelæring, tverrfaglege prosjekt, leik og uteskule. Vår visjon er: «Saman skapar vi framtida». Skulen har nynorsk som målform.

Brattholmen skule ligg sentralt på Sotra, nær Sartor senter og ca 20 minutt køyring til Bergen sentrum.

 

Brattholmen skule er i vekst og frå hausten 2023 vil det bli over 180 barn på SFO. Det er bakgrunnen for at vi treng fleire tilsette på SFO. Stillingane er inntil 50%. Stillingane i SFO følgjer skuleruta.

 

Øygarden kommune har fokus på heiltidskultur og ønskjer å tilby størst mogleg stilling til sine tilsette.  Løysing med arbeid på tvers av organisasjonen er eit av tiltaka som vert prøvd ut. Dersom du er interessert i å kombinera stilling på SFO med arbeid innan helse- og velferd kan det vera mogleg å auke stillingsstorleiken utover det som er oppgitt i utlysinga.

Er du er interessert i å høyre meir om dette kryssar du av at du ønskjer stillinga på SFO i kombinasjon med arbeid innan sektor for helse og velferd. 

 

Arbeidsoppgåver:

Skule:

  • Ansvar for grupper av barn på SFO
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Vere ute i all slags ver dagleg
  • Legge til rette for gode opplevingar for barna
  • Samarbeid og dialog med foreldre
  • Samarbeid mellom skule og SFO

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Ønskjeleg med:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget
  • Erfaring med arbeid med barn

 

Personlege eigenskapar:

  • Har evne til å vise omsorg, er open og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
  • Er ein god relasjonsbyggar og løysingsorientert
  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
  • Er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Har høg arbeidskapasitet
  • Har gode evner til å samarbeide og lytte
  • Er lojal mot skulen sine verdiar og mål

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Ingvill Kvalsnes Blom, rektor Brattholmen skule, telefon: 97516949, epost: Ingvill.blom@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    25.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5189417
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2023