Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Fagarbeidar / assistent med ønskje om vidareutdanning

Offentlig forvaltning

Me søkjer deg som har lyst til å jobbe i barnehage og ønskjer å få ein ettertrakta spisskompetanse. I Ål kommune har me fleire barn med særskilde behov, og me legg vekt på at alle barn blir rotfesta og flygedyktige. Stillinga er difor lagt til ein vikarpool slik at du kan brukast akkurat der me har behov for din hjelp. Me ønskjer å få deg som er interessert i å delta i nettstudiet «Barn med særskilte behov», les meir her Barn med særskilte behov - Fagskolen Kristiania

Studiet byggjer ikkje berre på din CV, men gjev og eit kompetansetillegg på 30.000kr etter fullført studiar. For å gjere det enklare for deg å kombinere jobb og studiar, kan me tilby inntil 20 permisjonsdagar, slik at du får frigjort tid som du kan bruke på studiane.

Dette tilbodet gjeld primært for nytilsette innan oppvekstsektoren. Jobbar du allereie i barnehage i Ål kommune og er interessert å ta denne vidareutdanninga, ta kontakt med oppvekstkontoret. 

Arbeidsoppgåver
  • du tek del i dei daglege rutinane og aktivitetane på avdelingane med barn, tilsette og i møte med foreldre
  • du deltek på personalmøte og avdelingsmøte
 
Kvalifikasjonar
  • me ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
  • me ynskjer og deg som ikkje har fagbrev eller tidlegare erfaring frå yrket, men som har lyst til å lære og få erfaring innanfor barnehage

Eigenskapar

  • har eit brennande engasjement for å jobbe med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • store og varierte uteområde med gode turalternativ i nærmiljøet
  • stillingsprosent kan tilpassast ditt behov
  • engasjerte vaksne, barn og føresette
  • opplæring og oppfølging
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP

Løn og vilkår

Løn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. 

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema. 

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Velkomen som søkjar!