• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    27.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6594295
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Fagarbeidar/assistent i skule og SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein positiv rollemodell, leiken og har hjarte for barn og unge? Solevåg skule søker etter fagarbeidar/assistent i inntil 300% for komande skuleår. Vi har behov for gode vaksne som likar varierte arbeidsdagar og som kan arbeide både i skule og SFO.
Skulen vår har om lag 185 elevar frå 1.-7. trinn, samt omlag 80 aktive barn i SFO. Vi har eit godt arbeidsmiljø der folk trivst, eit flott uteområde og det er kort veg til fleire fine naturområde.

Det vil kunne verte aktuelt med oppstart i mai/juni 2026.

Kvalifikasjoner:

Vi søkjer etter ein god og trygg rollemodell som har:

  • utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Gode vaksne med anna relevant kompetanse og bakgrunn kan også vere aktuelle. 
  • grunnleggande IKT-kompetanse
  • god kompetanse i norsk språk, munnleg og skriftleg

Vi har også ønskje om at du har erfaring frå arbeid med barn og unge, og/eller barn med stort oppfølgingsbehov.                                                                       


Personlige egenskaper:

Kven er du? Vi søkjer etter vaksne som:

  • likar å vere saman med barn og unge, og likar fysisk aktivitet ute og inne
  • er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa
  • kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjerder, men også er ein lagspeler.
  • er positiv og vektlegg samarbeid.
  • er løysingsorientert.

I tilsettingsprosessen vil vi leggje vekt på om søkjaren er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

Vi kan tilby:

  • ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.
  • eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø.
  • arbeidsklede
  • gratis parkering
  • løn etter utdanning og tidlegare arbeidserfaring.
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    27.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6594295
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune