Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
08.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5966294Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Fagarbeidar/assistent 60% mellombels stilling - Bulandet barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bulandet barnehage ligg på Halsøy i Bulandet. Barnehagen er samlokalisert med Bulandet skule. Vi har eit flott uteområde med variert terreng, skog, bakkar og leikeapparater. Vi går tur i nærområdet og nyttar også skulen sitt uteområde. Vi har fokus på sosial kompetanse og den gode samtalen. Barnehagen er godkjent for barn i alderen 1-6 år og har inntil 18 plassar. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.
Vi har frå snarast ledig mellombels stilling som fagarbeidar/assistent inntil 60% ut barnehageåret, med muligheit for forlenging. Arbeidet er fire dagar i veka.
Arbeidsoppgåver:
- Stillinga gjeld eit tilretteleggingstiltak på eit barn med særskilt behov
- Du gir dagleg omsorg og skapar gode relasjonar
Kvalifikasjonar:
For tilsetjing er det ønskjeleg at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men anna utdanning og erfaring vil bli vurdert.
Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
- ein trygg og tydeleg vaksen
- fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
- godt humør og positiv innstilling er andre ønskjelege eigenskapar
Vi tilbyr:
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- God forsikring
- Offentleg pensjonsordning (KLP)
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Kr 20 000,- over garantiløn etter gjeldande tariff for barne- og ungdomsarbeidarar
- Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd, men som har fagbrev på anna fagområde, skal plasserast med stillingskode 6572-assistent, med same løn som ein fagarbeidar med relevant fagbrev for stillinga i hht tariff, jf. lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
08.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5966294Se her for andre jobber fra Askvoll kommune