Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Fagarbeidar, assistent

Offentlig forvaltning

Barnehagane i Hemsedal kommune har ledig inntil 7 stillingar - fast og vikariat.
Utlysinga gjeld også andre fagarbeider-/assistentstillingar som kan bli ledige i barnehage.

Innhald i stillingane:
Fagarbeidar/assistent samarbeider med pedagogisk leiar i planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på «sin» avdeling. Elles vil nokon av arbeidsoppgåvene til dømes vere å bidra til godt foreldresamarbeid, samarbeide med personalet og avdelingar, bidra til god informasjonsflyt, å gje rettleiing til student/lærling/praksiskandidatar/vikarar på avdelinga i samarbeid med resten av personalet og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Dine kvalifikasjonar:
- Det er ynskjeleg med godkjent barne- og ungdomsarbeidarutdanning, eller tilsvarande relevant utdanning
- Erfaring frå barnehage er ein fordel
- Bruke digitale verktøy i barnehagekvardagen, og til møter og fagleg utvikling
- Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Menn blir oppmoda til å søkje (Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane)

Vi ynskjer oss av deg:
- Aktiv og bevisst i arbeidet med barna, både inne og ute
- Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid - deltakande i utviklingsprosjekt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor både barn, foreldre og tilsette
- Vere fleksibel
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetjing

Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Løn etter utdanning og praksis
- Systematisk jobbing med utvikling av kompetanse i barnehage
- Stillingsbeskriving

Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi har fokus på likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir teke til fylgje vil du som søkjar bli varsla, og du kan då velje å trekke din søknad før søkjarlista blir utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastast opp og blir då ein del av den elektroniske søknaden.

Vi ynskjer deg velkommen som søkjar her hjå oss i Hemsedal kommune.

Kontaktpersonar:
Tuv barnehage: Trude Taaje, styrar, tlf.nr.: 915 67 660, trude.pettersen@hemsedal.kommune.no
Ulsåk barnehage, Eva Markegård, styrar, tlf.nr.: 468 11 942, eva.markegard@hemsedal.kommune.no
Marit Fauske Bjerkan, Fagleiar barnehage, tlf.nr.: 31 40 88 16, marit.fauske.bjerkan@hemsedal.kommune.no

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.hemsedal.kommune.no