Ledig stilling

Ål Kommune

Fagarbeidar / assistent 100 % vikariat - Sando barnehage

Offentlig forvaltning

Lyst til å prøve deg i eit nytt yrke? Eller byggje vidare på di kompetanse innan barne- og ungdomsarbeidarfaget? I Sando barnehage kan du få prøve deg i ein spennande stilling i ein barnehage med fokus på pedagogisk læring gjennom friluftsliv.

Me har eit ledig vikariat i 100 % fram til 01.08.23, med moglegheit for forlenging. 

Sando barnehage er ein godt etablert to avdelings barnehage som opna i 2013. Barnehagen ligg flott til med fleire gode turmoglegheiter i nærområdet, deriblant gapahuken og lavvoen vår som begge ligg i fin avstand frå barnehagen. I Sando likar vi å vere aktive, både inne og ute. Satsingsområdet vårt er friluftsliv; her tek vi med barna på mange ulike turar gjennom året og dei yngste er blant anna med på hengekøyeturar. Me søkjer deg som ønskjer å bidra til barnehagen si utvikling, arbeide med friluftsliv og som er interessert i å gjere ein forskjell for dei barna du møter i kvardagen. Vår visjon er "Verdas beste start, eit hav av moglegheiter."

Kvalifikasjonar

  • me ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, eller anna relevant utdanning
  • me ynskjer og deg som ikkje har fagbrev eller tidlegare erfaring frå yrket, men som har lyst til å lære og få erfaring innanfor barnehage

Personlege eigenskapar

  • har eit brennande engasjement for å jobbe med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • ein barnehage med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte vaksne, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest og søknad

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Velkomen som søkjar!