Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
08.11.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5407189Se her for andre jobber fra Hå kommune
- Oppdatert 18.10.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hå kommune
Fagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bø skule har ledig ei fast 85 % stilling som fagarbeidar frå 1.1.2024. Arbeidsoppgåvene vil vere knyta til barn individuelt og i gruppe/klasse, samt arbeid i SFO.
Bø skule er ein barneskule på Nærbø, og har rundt 470 elevar og 95 tilsette. «Me dreg lasset i lag», med trivsel, meistring og kunnskap. Me speler på lag og gjer kvarandre gode. Her er eit stort mangfald med mange dyktige og hyggelege kollegaer og elevar, god trivsel, humor og eit godt profesjonsfellesskap.
Kvalifikasjoner
Fagbrev i barne- og ungdomsfaget, eller anna relevant utdanning.
Relevant praksis kan kompensere for utdanning.
Gode IKT-kunnskapar.
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø i skule og SFO.
Praktisk og pedagogisk arbeid med barn, indivduelt og i grupper.
Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigeskapar
Ansvarsfull tydeleg vaksen som innbyr til tillit.
Engasjert og deltakande i elevane si faglege og sosiale utviling.
Initiativrik og tar aktivt tak i dei oppgåvene som skal gjerast.
Relasjonsbyggjar som skaper gode forhold for samarbeid.
Personlege eigeskapar vil verte vektlagt.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
08.11.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5407189Se her for andre jobber fra Hå kommune
- Oppdatert 18.10.2023