• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    14.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4782321
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 07.10.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Aukra kommune

Fagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Liker du å legge til rette for leiken og aktiv og læring og ønsker at elevane utvikler seg sosialt og fagleg?

Fagarbeidar i 100%

Aukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund.

Ved Julsundet skole, som ligg på fastlandet berre et kvarters køyretur frå Molde, er det no ledig ei 100 % stilling som fagarbeidar/barne-og ungdomsarbeidar ved barnetrinnet.

Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane skal vi saman legge til rette for læring for alle elevar og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eigen meistring. Vi skal arbeide for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle. Julsundet skole er ein 1- 10 skule, med omlag 250 elevar.

Vi søker fortrinnsvis nokon som er barne- og ungdomsarbeidar, men andre fagarbeidarar oppfordrast og til å søke. Ein del av stillinga vil vere å arbeide med elevar som strevar med å finne sin plass på barnetrinnet. Stillinga gjeld både skole og SFO og vi oppmodar menn til å søke.

Arbeidsoppgåver
• Følgje opp enkeltelevar med behov for fagleg og sosial støtte gjennom heile skolekvardagen
• Høyre til i laget rundt eleven med pedagog/ barne- og ungdomsarbeidar og assistent
• Delta i tilrettelegginga innanfor handlingsrommet og toleransevindauget eleven har
• Tilrettelegge for alternative aktivitetar for elevar som treng ei anna tilnærming til læring
• Samarbeide tett med pedagog om tilrettelegging og gjennomføring av spesialundervisning
• Elles arbeide i laget rundt elevane med kontaktlærar, faglærar og miljøveiledar

Kvalifikasjonar
• Fagbrev helst som barne- og ungdomsarbeidar, men andre fagbrev kan og vere aktuelle
• Gode norskkunnskapar og god evne til kommunikasjon både munnleg og skriftleg
• Har erfaring og interesse for arbeid med elevar individuelt og i gruppe
• God på å planleggje og iverksette aktivitetar

Personlege eigenskapar
• Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å skape gode relasjonar med elevane
• Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane
• Er fleksibel utviklingsorientert og løysingsorientert
• Du har høge ambisjonar for kvar elev
• Er god på samhandling og på bygging av relasjonar

Vi tilbyr
• Ein skole med god systematikk og gode rutinar
• Ein aktiv og utviklingsorientert arbeidsplass med rom for erfaringsdeling og kompetanseheving
• Ei støttande leiing
• Ei positiv og samarbeidsorientert foreldregruppe
• Rettleiing og oppfølging av nyutdanna nytilsette
• Løn etter gjeldande hovudtariffavtale og gode pensjonsordningar
• Eit godt arbeidsmiljø med samarbeidande og entusiastiske kollegaer med mykje humor

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf. offentleglova § 25. Du blir varsla om ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.


Søknad:
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming.

 

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    14.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4782321
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 07.10.2022