Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
21.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5338336Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 01.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Fagansvarleg sjukepleiar- 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Stillinga som fagansvarleg sjukepleiar er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til avdelingsleiar, og som jobbar tett med dei tilsette i avdelinga. Du vert avdelingsleiar sin nærmaste støttespelar i planlegginga og organiseringa av den daglege drifta av legetjenesta.
Som fagansvarleg sjukepleiar vil du arbeide dagtid med 37,5 timers veke, og arbeidstid mellom 08:00 - 15:30. I 50 % av stillinga vil du være sjukepleiar i drift på legesenter, for tida Radøy legesenter. 50 % av stillinga er sett av til arbeid som fagansvarleg. Stillinga er lokalisert til Manger, men i arbeidet som fagansvarleg vil du arbeide med fleire legekontor, og ein må pårekne noko reising mellom legekontora i arbeidet.
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunne få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som fagansvarlig. Ved lengre fråvær av avdelingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert, jf. HTA § 13.4.
Om legetenesta i Alver kommune
Legetenesta i Alver kommune består av 8 legekontor, der eit er privat, to er heilkommunale, og resterande er private legar med kommunalt tilsette på forkontoret. Fastlegane har ansvar for utredning, diagnostikk, behandling og oppfølging av sine listepasienter, samt å koordinere helsetilbodet til pasientene opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta. Arbeidet på forkontoret består mellom anna av å besvare og handtere telefonhenvendingar, prioritere pasientar, ekspedisjon/resepsjon, skiftestovearbeid, sårbehandling, EKG, spirometri, og 24 T blodtrykk
Ved Radøy legesenter finn du eit godt kollegialt tverrfagleg samarbeid. Her tek dei også imot akutte pasientar på dagtid, noko som kan medføre at sjukepleiar må være med på utrykking i arbeidstida saman med lege.
I arbeidet som fagansvarleg vil du også ha kontakt med 7 av legekontora i Alver kommune. Sjå meir om arbeidsoppgåver under.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar i drift vil arbeidsoppgåvene dine være:
- telefon og ekspedisjonsarbeid, prioritering av pasientar
- skiftestove med til dømes sårstell, injeksjon, infusjon, ekg, spirometri, blodtrykksmåling
- utrykning med lege ved akutte hendingar
Som fagansvarleg vil arbeidsoppgåvene dine være:
Fagutvikling. Du vil arbeide med kvalitetsarbeid og rutiner i kvalitetssystemet på overordna nivå, og saman med avdelingsleiar sjå på avvikshandtering og kvalitetsforbetring. Du vil også kunne bidra inn i arbeidet med internkontrollsystem, smittevern og ROS - analyser, og bidra til kompetanseheving i tenesta i form av internundervisning.
Drift. Du vil delta i driftsmøter og ha kontakt med legekontora. I samarbeid med avdelingsleiar og driftskoordinatorar vil du også kunne hente inn vikarer ved akutt behov, og arbeide med vikaravtaler. Du vil ha hovudansvar for medisinskfagleg utstyr til tenesta, inkludert overordna rutiner for vedlikehald og kontroll av utstyret.
I tillegg kan du få delegert einskilde oppgåver eller ansvar frå avdelingsleiar etter behov.
Eksempel på einskilde oppgåver:
- Oppgåver knytt til HMS arbeid
- Oppgåver knytt til personalarbeid
- Oppgåver knytt til økonomi
Krav til kompetanse
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid på legekontor eller legevakt
- Erfaring som utøvande sjukepleiar i minimum 3 år
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg
- God digital kompetanse
Du må ha førerkort, og kunne disponere eigen bil
Ønskt kompetanse
- Erfaring frå systemfagleg arbeid er ein fordel i arbeidet, og vil derfor bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein driftig og fagleg dyktig sjukepleiar som har god kjennskap til arbeid tilknytta legekontor. Vi trur det er viktig at du har gode kommunikasjons og samarbeidsevner for å kunne lukkast i jobben, då du skal samarbeide med fleire ulike legekontor. Du trivst med å arbeide sjølvstendig, kan organisere eigen arbeidsdag, og er ansvarsbevisst. Vi trur også at du er ein person som lett kan sjå moglege utviklingsområde i tenesta, som kan prioritere arbeidet, og som har god evne til å gjennomføre systemfagleg arbeid.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Høg kompetanse på avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har pasient i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Årsturnus
- Lønn: kr 60.000,- over KS sin garantilønsstige ut frå kompetanse og ansiennitet
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
21.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5338336Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 01.09.2023