• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4278452
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Fagansvarleg ingeniør VVA og miljøteknikk

Vaksdal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune søkjer fagansvarleg ingeniør VVA og miljøteknikk

Vaksdal kommune ligg sentralt plassert i Bergensregionen, midt mellom Bergen og Voss. Kommunen gjennomfører no store planleggingsoppgåver og investeringsprosjekt, og har ein viktig geografisk posisjon i arbeidet med ny E16 og Bergensbanen.

Ynskjer du å få vere med på å påverke, legge premissar og utvikle deg som ingeniør?

Kommunen er inne i ei spanande tid med fleire store utbyggingsprosjekt innan bygg, vatn- og avlaup og anna infrastruktur. Vi styrkar laget og søkjer ein fagansvarleg ingeniør som vil vera ein del av eit utviklande og breitt fagmiljø.

Hos oss vil du få stor breidde og variasjon i arbeidsoppgåvene. Du vil jobbe saman med andre dyktige medarbeidarar innanfor ei rekkje fag innan tenesteområdet Digitalisering, innovasjon og samfunn.

Hovudoppgåver

  • Planlegging og utbygging av VA-anlegg og anna infrastruktur
  • Fagleg støtte til driftsavdeling innan VVA og oppfølging av anlegg og avtalar
  • Rådgjeving overfor dei andre faga innafor plan og utvikling
  • Deltaking i prosjektarbeid
  • Saksbehandling innan fagområdet
  • Kommunikasjon med innbyggarar og fagmiljø
  • Mindre prosjekteringsarbeid, etter kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Du har minimum 3-årig bachelorgrad innanfor VA
  • Relevant erfaring frå fagområdet
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring med digitale verktøy og samhandlingsløysingar

Ønska personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • Er fagleg engasjert, kvalitetsbevisst og framtidsretta
  • Inkluderande og god på samhandling både internt og eksternt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta

Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø. Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode. Du vil bli en del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige og hyggelege kollegar.    

Slik søkjer du
Elektronisk søknad.  Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Dersom du har søkt via EasycCruit i Vaksdal før er brukarnamnet ofte e-posten du nytta ved førre søknad. 
Treng du hjelp kan du sende e-post til HR-rådgjevar tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller ringe på tlf 95 52 75 04          

 
  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4278452
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune