• Företag
    Garuda Oslo AS
  • Ansökningstiden
    30.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Bemanning og rekruttering
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5430, BREMNES
    BØMLO
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6242965
  • Se här för andra jobb från Garuda Oslo AS
Ledigt jobb

Garuda Oslo AS

Fabrikkdirektør

Bemanning og rekruttering

Vil du leie ein av Noregs mest framtidsretta sjømatbedrifter?

Bremnes Seashore på Bømlo søkjer ny fabrikkdirektør – ein trygg, tydeleg og framtidsretta leiar som vil vere med å drive og utvikle eit høgteknologisk anlegg i verdsklasse. Ein solid leiar som kan sikre utvikling, flyt, struktur og arbeidsglede.

Hjarte for laks – og for folk

Vi har investert tungt i ny fabrikk og moderne løysingar, men det er menneska våre som får det til å skje. No treng vi ein ny fabrikkdirektør som både har auge for effektiv drift, og hjarte for dei som jobbar her. Fabrikken vår har høgt tempo, og kvar einaste dag pakkar vi og foredlar laks til kundar i inn- og utland. Vi er stolte av det vi leverer!

Ta gjerne kontakt Garuda, vår samarbeidspartnar på rekruttering, for meir informasjon om stillinga. 

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, gjerne innan produksjonsteknikk, næringsmiddelindustri, matteknologi eller industriell økonomi. 
  • Leiarerfaring frå produksjonsverksemd.
  • God forståing for teknisk drift, produksjonsflyt og vedlikehald. 
  • Erfaring med LEAN og kontinuerleg forbetring.
  • Økonomisk innsikt – evne til å forstå og følgje opp KPI-ar, dekningsbidrag og råvareutnytting.
  • Kjennskap til krav innan mattryggleik og kvalitetssikring.
  • Gode språkferdigheiter på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper:

  • Tydeleg og trygg leiarstil – samstundes som du tør å stille krav.
  • Strukturert og løysingsorientert – du handterer komplekse utfordringar med ro.
  • Relasjonell og inkluderande – du får folk med deg, og ser verdien i eit mangfaldig arbeidsmiljø.
  • Forankra og til stades – du trivst med å vere fysisk til stades og tett på drifta.

Vi tilbyr:

  • Ein nøkkelrolle i ei framtidsretta og verdibasert sjømatbedrift. 
  • Eit solid og langsiktig konsern med ein ny og moderne fabrikk. 
  • Mogelegheit til å påverke og utvikle både folk og system. 
  • Eit arbeidsmiljø prega av tillit, engasjement og stoltheit. 
  • Konkurransedyktige vilkår – og ein jobb der du verkeleg betyr noko. 
 

  • Företag
    Garuda Oslo AS
  • Ansökningstiden
    30.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Bemanning og rekruttering
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5430, BREMNES
    BØMLO
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6242965
  • Se här för andra jobb från Garuda Oslo AS