Company
Fjord1 ASAApplication deadline
06.06.2022Form of employment
workTime.HeltidIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4621799Look here for other jobs from Fjord1 ASA
- Updated 24.05.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjord1 ASA
ETTERLYSING! VI JAKTAR PÅ EIN LEIAR MED EVNE TIL Å BEGEISTRE!
Ferger
Kor er du på veg? Fjord1 er på god veg inn i framtida - vil du vere med?
Fjord1 er verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og har dei siste åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i
Fjord1 er teknologioptimistar, og drifter nær førti nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport.
Ein av våre dyktige operative leiarar skal ta fatt på nye utfordringar utanfor rederiet, og som følgje av dette har vi ledig stilling som operativ leiar i vår driftsorganisasjon i Bergen.
I denne stillinga leier du eit team beståande av teknisk inspektør og bemanningskoordinator. Saman har de ansvar for ei portefølje av fartøy som de skal drifte best mogleg til ei kvar tid. Du er også nærmaste leiar for skipsførarane på "dine" fartøy.
Du er ein lagspelar som evnar å halde overblikket og struktur i ein hektisk arbeidskvardag. Leiareigenskapar vi sett høgt er evner til å engasjere og skape gode relasjonar. Vi har spennande utfordringar og ser etter deg som vil være med å finne løysingar.
Søkjartal for maritim utdanning syner auke i kvinnelege søkjarar. Dette er svært gledeleg og vi håpar på mange kvinnelege søkjarar til denne stillinga.
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning, gjerne innan nautiske fag, men andre fagområder kan også vere aktuelle
- Relevant arbeidserfaring
- Erfaring innan drift og prosjektleiing vil bli særleg vektlagt
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
- Gode leiareigenskaper - evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Motivert, engasjert og initiativrik
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide i team, men også sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling i ein hektisk kvardag
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige betingelsar
- Gode velferdsordningar
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
06.06.2022Form of employment
workTime.HeltidIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4621799Look here for other jobs from Fjord1 ASA
- Updated 24.05.2022