Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Ergoterapeut, fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig stilling som ergoterapeut, ei spanande stilling med stort utviklingspotensial.

Stillinga ligg delvis til ergoterapitenesta og delvis til forvaltningskontoret. Me ser etter deg som evnar å ha ergoterapiblikket på begge stadar. På forvaltningskontoret vert du ein del av eit team på tre tilsette. Som ergoterapeut får du arbeide tett saman med vårt dyktige ergo- og fysioterapiteam. Me ønskjer å styrka dei lågaste trinna på omsorgsrappa vår, tenestene som kjem før vedtak. Her får du som ergoterapeut ein nøkkelfunksjon i både planarbeid og praktisk arbeid.

Helse og omsorg skal legge til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det er viktig at brukarane våre får henta ut sine eigne ressursar uavhengig av funksjonsgrad. Stikkord for tenesta er læring og meistring,
kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, førebygging og samarbeid.
Me er også opptatt av god pasientflyt og forutsigbarheit i tenesta - både internt mellom heimebasert og institusjon, og mellom spesialisthelsetenesta og kommunen. Me ser etter deg som kan kombinere forvaltning og ergoterapiteneste på ein god måte, ser heilskap og som kan ha mange ballar i lufta samstundes.

Vi ønskjer ein fagperson som er fagleg trygg, modig og raus og som evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode. Ein person som kan sjå at ein jobb skal gjerast, ta tak og få oppgåva gjennomført. Likar du i tillegg travle dagar og jobba kunnskapsbasert? Då har vi har jobben for deg!


Arbeidsstad
Helsehuset på Dale. Arbeid måndag til fredag, med moglegheit for fleksibel arbeidstid.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i utvikling av korttids-/rehabiliteringsavdelinga i kommunen.
  • Saksbehandling ved forvaltningskontoret
  • Jobba systematisk med pasientflyt mellom spesialisthelsetenesta og kommunen, samt mellom tenester lokalt
  • Gjennomføre førebyggjande heimebesøk
  • Samarbeid kring det kommunale hjelpemiddellageret
  • Innføring av velferdsteknologi for heimebuande og pasientar på institusjon
  • Arbeide førebyggjande og behandlande med barn og vaksne på institusjon og i heimen
  • Ansvarleg for formidling, utprøving, tilpassing av hjelpemiddel, samt opplæring
  • Oppfølging individuelt og i grupper.
  • Vere ein pådrivar og organisere ulike gruppetilbod
  • Gjennomføre førebyggande heimebesøk
  • Delta i utviklingsarbeid

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent ergoterapeut
  • Det er krav om godkjent politiattest
  • Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er en fordel
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer ein kreativ og engasjert person med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skrifteg
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Det er viktig at du har evne til å kunne vurdere, prioritere og handtere komplekse og krevjande beslutningar

Personlege eigenskapar vert vektlagt, med særskilt fokus på evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv

Vaksdal kommune kan tilby

  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-konsulent: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04