• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4891945
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Ergoterapeut 40% fast, Helse, meistring og rehabilitering

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ergoterapeut 40% fast – Helse, meistring og rehabilitering

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider 45 personar med ulik fagbakgrunn, men dei fleste er ergoterapeutar eller fysioterapeutar

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

 

Vi søkjer etter ergoterapeut 40 %, fast stilling . Stillinga er ledig frå 01.01.2023

Denne stillinga vil iallfall i starten ha hovudfokus på å jobbe med barn/unge.

Kontorplassering på Rong– arbeid hovudsakleg i den nordre delen av kommunen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging, tilrettelegging og oppfølging av hovudsakleg barn og unge
  • Hjelpemiddelformidling
  • Koordinator for IP

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Bachelor i ergoterapi

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta – helst med barn/unge

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
  • Du er personleg egna

 

Anna:

  • Må har sertifikat og disponera eigen bil i jobben. Får køyre og bilgodtgjersle

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Einingsleiar Liv Møen tlf: 55 09 68 55/975 40 530, e-post: liv.moen@oygarden.kommuneno

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4891945
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune