• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4710784
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Er du vår nye spesialpedagog med retning mot framtida?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sund ungdomsskule- med røter i fjæra og retning mot framtida

Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen som som fram til 2020 var Sund kommune. I dag har vi 345 elevar fordelt på 13 klassar, og vi er 50 tilsette.

Sund ungdomsskule er ein god plass å arbeide. Det blei gjennomført ei stor medarbeidarundersøking i kommunen for nokre år sidan, og der rapporterte kollegiet om svært høg trivsel, god medverknad og meningsfullt arbeid. Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på mykje kjekt saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifiserte og har høg kompetanse. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Visjonen og slagordet til skulen er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vere eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danne og utdanne. Vi jobbar for ei meir praktisk undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig.

 

Vi søkjer ein spesialpedagog i 80 % vikariat neste skuleår. Stillinga er 80%, men kan bli utvida. 

Arbeidsoppgåver:

  • Skape eit trygt og godt læringsmiljø, der kvar elev i gruppa blir sett
  • Planlegge og gjennomføre spesialundervisning
  • IOP-arbeid
  • Rettleie lærarar og fagarbeidarar
  • Leggje til rette for eit godt samarbeid med føresette
  • Delta i samarbeidsmøte rundt elevar

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Pedagogisk utdanning med undervisningskompetanse
  • Spesialpedagogisk utdanning

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
  • Erfaring frå arbeid i skule
  • Erfaring frå arbeid med elevar med behov for tilrettelegging

Personlege eigenskapar:

  • Du har eit inkluderande mennesksyn og er raus
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har god systemforståing
  • Du er strukturert og omstillingsdyktig
  • Du har evne til å samarbeide og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har god relasjonskompetane i arbeidet med elevar, føresette og kollegaer
  • Du tar kollektivt ansvar for elevane våre
  • Du toler ein støyt

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Anna:

  • Vikariatet er frå 01.08.22 til 31.07.2023
  • Krav om gyldig politiattest før tiltreding

Vi tilbyr:

  • Særs godt arbeidsmiljø og støttande kollegium
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4710784
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune