• Företag
    Havyard Leirvik AS
  • Ansökningstiden
    31.07.2024
  • Arbetsfunktion
    Prosjektleiar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Høgare teknisk utdanning
  • Arbetserfsrenhet
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Önskat språk
    Engelsk, Norsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Arbeta hemifrån?
    Ja
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5770534
  • Se här för andra jobb från Havyard Leirvik AS

Frågor riktas till

Jonas Holt
tlf: 94982440

Anette Traa

Ledigt jobb

Havyard Leirvik AS

Tersan Havyard søker prosjektleder for nybygg

Skipsbyggerier og -verft

Havyard ser etter Prosjektleiar til ei stadig aukande prosjektportefølje. Om du trivast i eit teknisk kompetansemiljø, har eit stort engasjement for prosjektgjennomføring og er ein dyktig lagbyggar, er dette stillinga for deg

 

Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

Du vil som prosjektleiar i Tersan Havyard vere ansvarleg for store og komplekse nybyggingsprosjekt, og at desse gjennomførast til riktig kvalitet, kost og tid. Prosjektleiar er ansvarleg for kontrakt mot kunde, klasse/myndigheit og leverandørar, og skal sikre eit godt samarbeid med alle partar.

Det er viktig at du er ein god rollemodell med kompetanse til å leie og motivere prosjektgruppa. Samstundes skal du stille høge, men realistiske krav til organisasjonen. Det er saman vi når målsetningane.

Sjølvsagt er det ein fordel om du er interessert i det maritime, då vi har lange og sterke tradisjonar innan skipsbygging, men viktigast er det likevel at du er motivert og ynskjer å bli ein del av vårt solide og erfarne team.

Prosjekta vert gjennomført i Tyrkia og Noreg, og du må rekne med noko reiseverksemd.

Kvalifikasjonar:

• Høgare teknisk utdanning er ynskjeleg. Manglande formalkompetanse kan kompenserast med riktig erfaring frå prosjektleiing.

• Gode leiar- og samarbeidseigenskapar er ein føresetnad for å lukkast.

• Kjennskap/erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel


Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad, med moglegheit for fleksible ordningar etter nærare avtale.

Stillinga rapporterer til Vice President Project i Tersan Havyard


For meir informasjon om stillinga ta kontakt med 

Vice President Project Vegard Skår, 466 92 914

Vice President  HR/QHSE : Anette Traa, 994 05 359

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Anette Traa på tlf.: 994 05 359.

Les meir om Tersan her:

https://www.tersanhavyard.no/

https://tersanshipyard.com/en

Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/

 

  • Företag
    Havyard Leirvik AS
  • Ansökningstiden
    31.07.2024
  • Arbetsfunktion
    Prosjektleiar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Høgare teknisk utdanning
  • Arbetserfsrenhet
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Önskat språk
    Engelsk, Norsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Arbeta hemifrån?
    Ja
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5770534
  • Se här för andra jobb från Havyard Leirvik AS

Frågor riktas till

Jonas Holt
tlf: 94982440

Anette Traa