Företag
Havyard Leirvik ASAnsökningstiden
Så snart som möjligtArbetsfunktion
ProsjektleiarHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Skipsbyggerier og -verftUtbildningskrav
Høgare teknisk utdanningArbetserfsrenhet
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelÖnskat språk
Engelsk, NorskAdress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeArbeta hemifrån?
JaAntal befattningar
1Karriere-kod
5509973Se här för andra jobb från Havyard Leirvik AS
- Uppdaterad 15.02.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Havyard Leirvik AS
Er du vår nye Prosjektleiar for komplekse maritime prosjekt?
Skipsbyggerier og -verft
Havyard ser etter Prosjektleiar til ei stadig aukande prosjektportefølje. Om du trivast i eit teknisk kompetansemiljø, har eit stort engasjement for prosjektgjennomføring og er ein dyktig lagbyggar, er dette stillinga for deg
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Du vil som prosjektleiar i Havyard vere ansvarleg for store og komplekse nybyggingsprosjekt, og at desse gjennomførast til riktig kvalitet, kost og tid. Prosjektleiar er ansvarleg for kontrakt mot kunde, klasse/myndigheit og leverandørar, og skal sikre eit godt samarbeid med alle partar.
Det er viktig at du er ein god rollemodell med kompetanse til å leie og motivere prosjektgruppa. Samstundes skal du stille høge, men realistiske krav til organisasjonen. Det er saman vi når målsetningane.
Sjølvsagt er det ein fordel om du er interessert i det maritime, då vi har lange og sterke tradisjonar innan skipsbygging, men viktigast er det likevel at du er motivert og ynskjer å bli ein del av vårt solide og erfarne team.
Prosjekta vert gjennomført i Tyrkia og Noreg, og du må rekne med noko reiseverksemd.
Kvalifikasjonar:
• Høgare teknisk utdanning er ynskjeleg. Manglande formalkompetanse kan kompenserast med riktig erfaring frå prosjektleiing.
• Gode leiar- og samarbeidseigenskapar er ein føresetnad for å lukkast.
• Kjennskap/erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad, med moglegheit for fleksible ordningar etter nærare avtale.
Stillinga rapporterer til Prosjektsjef i Havyard Leirvik AS.
Søknadar vert gjennomgått fortløpande.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med
Prosjektsjef: Vegard Skår, 466 92 914
HR/QHSE manager: Anette Traa, 994 05 359
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Havyard Leirvik? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Anette Traa på tlf.: 994 05 359.
Les meir om Havyard her:
https://www.havyard.com
https://tersanshipyard.com/en
Företag
Havyard Leirvik ASAnsökningstiden
Så snart som möjligtArbetsfunktion
ProsjektleiarHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Skipsbyggerier og -verftUtbildningskrav
Høgare teknisk utdanningArbetserfsrenhet
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelÖnskat språk
Engelsk, NorskAdress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeArbeta hemifrån?
JaAntal befattningar
1Karriere-kod
5509973Se här för andra jobb från Havyard Leirvik AS
- Uppdaterad 15.02.2024