Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
25.04.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3711936Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 09.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Er du vår nye lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ser fram til å få ein ny lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå august 2021. Vi har fokus på å leggje til rette for ei god læretid, og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli følgt opp av fagleg leiar i oppvekst, i tillegg til oppfølging frå instruktørar ved dei ulike barnehagane og skulane våre.
Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga vår, håper vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
- Tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
- Anvende forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeid
- Føring av opplæringsbok
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag eller tilsvarande må leggast fram før signering av lærekontrakt
- Må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Lærekontrakt og opplæringskontrakt
- Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling/lærekandidat i 2 år
- Løn under utdanning
- Trivlege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
- Leiarar med fagleg/pedagogisk bakgrunn, dyktige instruktørar og rettleiarar
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
25.04.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3711936Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 09.04.2021