• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    25.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4013, STAVANGER
    STAVANGER
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6677310
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Er du vår nye dekkssjef på hurtigbåt?

Ferger

Fjord1 har no ledige stilling som dekkssjef i sambandet Stavanger–Byøyane–Hommersåk, om bord på hurtigbåtane MS Fjordglytt og MS Medstraum.

I denne stillinga arbeider du 2 veker på jobb og 3 veker fri. Arbeidsordninga gir høve til å reise heim etter endt vakt, og legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Rederiet dekker reise til og frå arbeidsstad, og ved behov tilbyr vi hybel i arbeidsperioden med kort avstand til kaien. 

Som dekkssjef vil du ha ei viktig rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet, med eit overordna leiaransvar for dekk. Dette er ei stilling med ansvar der du får arbeide operativt og løysningsorientert. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både reisande og mannskap får ei trygg og god oppleving.

Her får du ein jobb som gir tryggleik og stabilitet, samtidig som du får ansvar, fagleg utvikling og gode kollegaer rundt deg. 

Oppstart oktober/november 2026. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D4 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy.
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Fjord1 dekkjer manglande krise- og passasjerhandteringskurs samt hurtigbåtkurs for aktuelle kandidatar.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
  • Flotte hybelar rett ved kaien
  • Reise til og fra jobb blir dekka, etter dei retningslinjene som er fastsette.
  • Fleksibel skiftordning: 2 uker på jobb – én uke nattarbeid og én uke dagarbeid – etterfulgt av 3 uker fri.
  • Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
  • Gode velferdsordningar; som muligheita for å leige hytter/ leilegheiter, behandlingsforsikrning, støtte til trening og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    25.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4013, STAVANGER
    STAVANGER
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6677310
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA