Company
Fjord1 ASAApplication deadline
14.02.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6049015Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Er du vår nye ambulerande overstyrmann for framtidas hurtigbåtar?
Ferger
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport!
Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtigbåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eit nybygg, som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordlandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.
Fjord1 søkjer no ein ambulerande overstyrmann til desse hurtigbåtrutene.
Om fartøya og stillinga
I Askøyruta vil du segle med M/S Kleppestø og M/S Florvåg, tidlegare M/S Terningen og M/S Tyrhaug, som no blir bygde om til moderne, elektrisk drift. I Nordhordlandsruta vil det toppmoderne nybygget M/S Alversund gå. Du vil tenestegjere ombord på fartøya i rute etter behov, og når det ikkje er behov i rute, vil du ha base på reservefartøy i Bergen sentrum.
Som ambulerande overstyrmann vil du ha fast grunnløn, og fast turnus på 2 veker av og 2 veker på.
Ønskjer du å bli ein del av framtidas hurtigbåttransport? Søk no!
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande
Kvalifikasjoner:
- Minimum D4
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Ansvarleg og sjølvstendig
- Fleksibel og løysingsorientert
- Godt humør og serviceinnstilt
- Evne til å arbeide i team, med gode kommunikasjonsevner
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr:
- Ein variert arbeidskvardag i eit toppmoderne og framtidsretta miljø
- Forutsigbar turnusordning, som kan kombinerast med familieliv og fritid
- Konkurransedyktig løn etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer
- Gode velferdsordningar
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
14.02.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6905, FLORØ
KINN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6049015Look here for other jobs from Fjord1 ASA