Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Norsk rikskringkasting AS

Er du skikkeleg rask på tastaturet?

Media, informasjon og PR

Har nokon kommentert at du skriv veldig raskt nokon gong?

Liker du å følgje med på det som skjer i nyheitsbiletet og er glad i språk? Då kan kanskje ein ekstrajobb som direktetekstar i NRK vere noko for deg.

NRK tekstar dei aller fleste av TV-programma sine for døve, høyrslehemma og andre med behov for tekst. Som direktetekstar i NRK vil du tekste direktesende nyheits-, sports- og underhaldningsprogram frå våre lokale på Marienlyst. Vi tekstar alt frå Dagsrevyen til Eurovision Song Contest.

Vi har størst behov for tekstarar på kveldstid og i helgene.

Vi ønskjer oss fleire språkengasjerte tekstarar som har lyst til å jobbe i eit hektisk og dynamisk arbeidsmiljø der ingen dag er lik.

I avdelinga vår har vi tekstarar med ulik bakgrunn og ulik utdanning.

Dette er en krevjande jobb, men om du har det som trengst, er den utruleg morosam!

Arbeidsoppgåver
Teksting av direktesende TV-program. Tilrettelegging før tilgjengeleggjering i NRK TV (korrekturlesing og publisering).
Førehandsteksting av nokre program mellom direktesende program.

Kvalifikasjonar

Du har gjerne utdanning innan språk eller teiknspråktolking (skrivetolking), men det er ikkje eit krav. 
Du bør kunne skrive frå 500 teikn i minuttet og oppover, tilsvarande frå 100 ord i minuttet.
Det er ein fordel med gode nynorskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

Du har god allmennkunnskap

Du har god forståing for dataprogram og tekniske løysingar

Du er språkinteressert

Du har god evne til å trekkje ut essensen av munnleg tale og overføre det til skrift

Du liker å lære og tileigne deg ny kunnskap

Vi tilbyr

Vi treng tilkallingsvikarar som kan jobbe kveld og helg, og som i hovudsak skal tekste sport gjennom vintersesongen.

Vi vil kalle inn til audition i løpet av oktober. Her vil vi teste skrivehastigheit og språkkunnskap.
Etter dette kallar vi inn aktuelle kandidatar til intervju. Opplæring vil gå føre seg i november og desember.