• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5175217
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 05.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Er du mellom 19 og 25 år og veldig interessert i sosiale media?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med å inspirera til aktivitet og spreie informasjon om tilbod og arrangement? Då har me ei prosjektstilling (deltid) til deg.
Vaksdal kommune søkjer etter 1 – 2 personar til 20 % prosjektstilling i Ung i SoMe. Prosjektet varar ut 2023.

Arbeidstad

Heile Vaksdal kommune.

Me håpar du kan trivast med desse arbeidsoppgåvene

Du skal vere med å synleggjera aktivitetar og tenester i kommunen til unge vaksne i og utanfor kommunen vår. Fokus vil vera å inspirera til aktivitet og spreie informasjon om tilbod, arrangement og aktuelle saker. Plattformene me vil bruka er Instagram og Snapchat. Det kan vera me justera dette etter kvart.

Du vil få ansvar, fridom og stort rom for kreativitet i formidlinga og du er aktiv i planlegging og produksjon av innhald. Me ønskjer ei viss mengde innhald produsert kvar veke, så du må kunne disponera tida di godt.

Du vil ha dialog med ordførar og rapportera til ansvarleg for kommunikasjon.

I februar 2022 lanserte Vaksdal kommune nettsida Mittvaksdal.no og instagramprofilen

Mittvaksdal. Her finn innbyggjarar og potensielle tilflyttarar relevant informasjon om bustad, arbeid og fritid i kommunen.

For å gjera nettsida, instagramprofilen og snapchatkontoen kjend vil vi engasjera unge innbyggjarar gjennom Ung i SoMe til å arbeida på oppdrag for kommunen.

Kven er du?

  • Du er 19 - 25 år
  • Du er busett her og er godt kjend i kommunen
  • Du er opptatt av trendar på sosiale media
  • Du er god på foto og video
  • Du jobbar sjølvstendig og kreativt
  • Du trivst både framfor og bak kamera, og er god til å kommunisera og engasjera
  • Du er interessert i det som skjer i kommunen

Kva tilbyr me deg?

  • Arbeidserfaring
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på og det er ein fordel om du har sertifikat.

Kontaktperson

Mona Mekki: 970 90 168, e-post mona.mekki@vaksdal.kommune.no  
Ann Kristin Bolstad: tlf. 977 59 760, e-post ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no  

Slik søker du

Søknad sender du inn i form av ein video på inntil tre minutt til info@vaksdal.kommune.no . Presenter deg sjølv og kvifor du er den beste til denne stillingen. Ver kreativ!

 

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5175217
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 05.05.2023