Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
21.07.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5791741Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
- Uppdaterad 22.06.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjord1 ASA
Er du ein landkrabbe som brenn for rekruttering?
Ferger
Ein av våre dyktige kollegaer skal ta fatt på nye utfordringar, og vi er derfor på søken etter ein ny kollega som brenn for rekruttering!
Du vil i denne stillingen vere fagleg ansvarleg for Fjord1 sine rekrutteringsprosessar og -retningslinjer, rådgjevar for linjeleiarar og bemanningskoordinatorar, samtidig som du er drivar av rekrutteringsprosessar i administrasjonsdelen av selskapet. Du vil også få ansvar for eit eller fleire andre fagfelt, som til dømes GDPR, pensjon eller forsikring - dette avheng av din kompetanse, erfaring og interesse.
Som HR rådgjevar i Fjord1 vil du inngå i eit team med 6 dedikerte og dyktige tilsette i HR avdelinga vår. Arbeidsmiljøet vårt er prega av høgt tempo, driv og engasjement for både fag og menneske. Avdelinga vår har eit bredt spekter av spennande oppgåver, og hos oss vil du vil ha stor moglegheit til å påvirke og sette dagsorden for heile rederiet. Vi på HR likar å ligge foran og finne løysingar slik at våre leiarar og tilsette, på sjø og land, har verktøya, kompetansen og støtta dei treng til å gjere ein best mogeleg jobb.
Vi ser etter deg som har nokre års arbeidserfaring, og har opparbeida deg erfaring og innsikt innan HR feltet. Som HR rådgjevar i Fjord1 må du ha god fagleg forståing og du vil ha oppgåver på operativt og strategisk nivå.
Er du løysingorientert, tydeleg i kommunikasjonen og god på relasjonsbygging? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompansere for manglande utdanning.
- Relevant arbeidserfaring
- Dine kommunikasjonseigenskapar er svært gode både muntleg og skriftleg
- Norsk og engelsk språk muntleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
- Du er ein dyktig releasjonsbyggar
- Du arbeidar sjølvstendig, strukturert og effektiv innan definerte rammer
- Du har evne til å rettleie og motivere andre, og deg sjølv!
- Du evnar å sjå løysingar og moglegheiter
Vi tilbyr:
- Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
- Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
21.07.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5791741Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
- Uppdaterad 22.06.2024