• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6020894
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Er du den vi ser etter i ei 22% helgestilling?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga

Lyngheia er bustadkompleks med 6 personar som bur i eigne bustadar. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.

Lyngheia ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter. Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver:
  • Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp
  • Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar: 
  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Andre søkjarar kan også bli vurdert.
  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå brukargruppa
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til nytenking og utvikling av tenesta
  • Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for brukargruppa
  • Evne til å byggje relasjonar

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Anna:
  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
  • 4. kvar helg med lange vakter inntil 13,5 timar
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Ein gjevande og meiningsfull jobb
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Fredrik Degerman, Avdelingsleiar Pollhaugen, mobil 488 60 948 
Kristin Straume, Eningsleiar MMNF mobil 997 99 526

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6020894
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune