• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3291209
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 21.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Engasjert fagperson som brenn for miljøarbeid og trivast med alternativ turnus?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Då kan du vere den vi ser etter til våre tenester. Vi lyser ut 8 faste stillingar i ulike stillingsstorleikar i medlevarturnus/lange vakter.

Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert i ei ordning som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på og kontroll over sin eigen kvardag. Tenesta blir ytt i tilrettelagt bustad og omfattar bistand til alle daglege gjeremål for ein ung mann.

Vi søkjer deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar. Har du utdanning og/eller erfaring innan helsefag, sosialfag eller oppvekst, kan du vere den vi søkjer etter. Vi ønskjer å sette saman eit team av ulike profesjonar som utfyller kvarandre, og søkjer difor både etter kandidatar med fagbrev og høgskuleutdanning til desse stillingane. Tilsette med høgskuleutdanning vil få eit overordna ansvar for fagleg oppfølging og rettleiing. 

Som miljøarbeidar jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen, og deltek difor i ulike aktivitetar. Du bør difor vere glad i å vere ute og like fysisk aktivitet. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, og du må kunne arbeide målretta i team. Det blir tilbod om fagleg oppfølging og rettleiing, i tillegg til samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Lurar du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
  • Bistand i daglege gjeremål for brukar
  • Tilrettelegging og motivering for daglege aktivitetar
  • Fylgje til fritidsaktivitetar
  • Jobbe ut frå gjeldande retningslinjer
  • Evaluering 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan oppvekstfag, helse- eller sosialfag, som til dømes vernepleiar, pedagog, barne- og ungdomsarbeidar, sjukepleiar eller sosionom. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert, då gode evner til relasjonsbygging er viktig for denne stillinga. 
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på å bygge relasjonar
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • Fleksibel
  • Tydeleg

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3291209
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 21.11.2020