Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
28.11.2022Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4859558Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 08.11.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Austevoll kommune
Engasjement ved Austevoll pleie og omsorgssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll P. O Senter:
Austevoll P. O Senter har kapasitet for 52 plassar fordelt på 6 avdelingar. Vi har eitt tilbod for lindrande behandling, ein akutt plass, 20 plassar ved spesialavdelingar; der det er 10 plassar for personar med demens, 10 plassar ved psykogeriatrisk avdeling, og dei resterande 30 plassane er på somatiske langtidsavdelingar.
Ledig engasjement stillingar 64,20% i turnus med arbeid anna kvar helg på dag og kveld.
Det er ei føremon med helsefagleg bakgrunn, men andre kan og søkje.
Merk i søknaden kva stilling du søkjer på. Det er mogleg å søke på fleire.
Ansvars- og Arbeidsoppgåver
Pleie og oppfylging av bebuar
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha gyldig politiattest av ny dato.
Vi er ein organisasjon i endring, og ynskjer omstillingsdyktige arbeidstakarar. Du må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med mange spanande arbeidsoppgåver; som krev at du er løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet. Alle tilsette bidreg på kvar sin måte med dei evnene og ressursane ein har, som sikrar at bebuarar og pårørande får eit godt tilbod hos oss.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
28.11.2022Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4859558Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 08.11.2022