• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4859558
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 08.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Engasjement ved Austevoll pleie og omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll P. O Senter:

Austevoll P. O Senter har kapasitet for 52 plassar fordelt  på 6 avdelingar. Vi har eitt tilbod for lindrande behandling, ein akutt plass, 20 plassar ved spesialavdelingar; der det er 10 plassar for personar med demens, 10 plassar ved psykogeriatrisk avdeling, og dei resterande 30 plassane er på somatiske langtidsavdelingar.

Ledig engasjement stillingar 64,20% i turnus med arbeid anna kvar helg på dag og kveld. 

Det er ei føremon med helsefagleg bakgrunn, men andre kan og søkje.

Merk i søknaden kva stilling du søkjer på. Det er mogleg å søke på fleire.

Ansvars- og Arbeidsoppgåver

Pleie og oppfylging av bebuar

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha gyldig politiattest av ny dato.

Vi er ein organisasjon i endring, og ynskjer omstillingsdyktige arbeidstakarar. Du må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med mange spanande arbeidsoppgåver; som krev at du er løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet. Alle tilsette bidreg på kvar sin måte med dei evnene og ressursane ein har, som sikrar at bebuarar og pårørande får eit godt tilbod hos oss.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4859558
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 08.11.2022