• Company
    Seljord kommune
  • Application deadline
    19.12.2018
  • Position function
    Annet
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3840, SELJORD
    SELJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    1099430
  • Look here for other jobs from Seljord kommune
  • Updated 07.12.2018
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Seljord kommune

Engasjement særskilt språklærar ved sentrumsskulane

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Engasjement særskilt språklærar ved sentrumsskulane. Frist 19.12.18

Det er ledig engasjementet som særskilt språklærar ved Seljord barneskule og Seljord ungdomsskule. 50% stilling våren 2019.

Seljord kommune har nyleg busett 7 nye flyktningar frå Kongo. Fem av desse er elevar i grunnskulen. Frå 1.1.2019 og ut skuleåret 2018/19 er det difor behov for lærar i  inntil 50% stilling ved Seljord barneskule og ungdomsskule.

Stillinga vil bli fordelt mellom skulane og klassane etter avtale med rektor. Det kan bli aktuelt å forlenge engasjementet skuleåret 2019-20.  

Arbeidsoppgåver er oppfølging av framandspråklege elevar med behov for særskilt språkopplæring. Elevane vil få opplæringstilbod i gruppe, samt enkeltvis ute i klassane. Elevane blir truleg fordelt i 1., 3., 7., 8. og 9. klasse. Den som blir tilsett må arbeide saman med den tospråklege assistenten, kontaktlærarane på respektive trinn, familien og flyktningetenesta for å få eit heilskapleg tilbod for elevane.  

Det er ynskjeleg at søkjar har godkjent allmennlærarutdanning, særskilt språkkompetanse eller tilsvarande. Det vil bli lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner. 

Den som får tilbod om stilling må vise gyldig politiattest før tilsetting. 

Det vil bli gjennomført intervju.  

Send søknad på elektronisk søknadsskjema.  ID 235

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Ingunn Flatland ved barneskulen, tlf. 35 05 13 31 eller rektor Kjersti Bollerud ved Seljord ungdomsskule, tlf. 35 05 13 21  

Søknadsfrist onsdag 19. desember 2018.

 

  • Company
    Seljord kommune
  • Application deadline
    19.12.2018
  • Position function
    Annet
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3840, SELJORD
    SELJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    1099430
  • Look here for other jobs from Seljord kommune
  • Updated 07.12.2018