Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Industrimaskiner og -utstyr - ProduksjonUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6723 , Vestland
Svelgen
Antall stillinger
1karriere-kode
5990095Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Klar for spennande utfordringar i ein av Norges leiande industribedrifter?
Elkem søker trainee: AutomasjonIndustrimaskiner og -utstyr - Produksjon
Som trainee hos Elkem Bremanger får du ein unik sjanse til å starte karrieren din i eit globalt selskap som skapar berekraftige løysingar for framtida.
Her jobbar du tett med erfarne fagfolk, deltar i spennande prosjekt, og bidrar til å vidareutvikle ein arbeidsplass der teknologi, berekraft og industriell effektivitet møtast.
Du får brei innsikt i ulike delar av verksemda og byggjer eit solid fundament for framtida.
Du får blant anna:
- Delta i prosjekt innan tekniske og teknologiske fag.
- Jobbe med drift og vedlikehald av våre produksjonsanlegg.
- Finne løysingar på komplekse tekniske utfordringar saman med dyktige kollegaer.
- Vere med på å identifisere og gjennomføre forbetringsprosjekt.
- Ta del i kurs og opplæring som styrkar både fagkunnskapen din og karrieremoglegheitene.
Er dette deg?
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, lærevillig og som ikkje er redd for å stille spørsmål. Du trivst i eit miljø der du samarbeider med folk frå ulike fagfelt, men du klarer òg å jobbe sjølvstendig når det trengst.
Du har ei relevant utdanning innan tekniske eller teknologiske fag, jobbar strukturert, og held hovudet kaldt sjølv når det skjer mykje samtidig.
Om du ikkje kan alt heilt enno, gjer det ingenting – vi støttar deg heile vegen, frå nyutdanna til trygg i rolla!
Kvifor velje Elkem Bremanger?
Her er moglegheitene mange og kvardagen variert! Elkem er ein leiande aktør innan materialproduksjon, kjent for å kombinere naturlege råmateriale med fornybar energi og menneskeleg oppfinnsamheit.
Vi bidrar til viktige innovasjonar innan elektrisk mobilitet, digital kommunikasjon, helse og personleg pleie, og meir berekraftige byar.
Elkem Bremanger har nyleg etablert eit av bransjens mest avanserte kontrollrom – eit steg mot digitalisering som aukar effektiviteten og gir betre oversikt. Gjennom vårt tverrfaglege samarbeid får du sjansen til å lære, bidra og utvikle framtidas løysingar.
Hos oss kan du forvente:
- Innovative prosjekt: Bli med på banebrytande arbeid som driv berekraftig utvikling og teknologisk innovasjon.
- Spennande utfordringar: Ta del i løysinga av komplekse tekniske og operasjonelle problemstillingar som utfordrar både tankegang og ferdigheiter.
- Tverrfagleg samarbeid: Arbeid side om side med ekspertar frå ulike fagområde for å oppnå felles mål.
- Kontinuerleg utvikling: Delta i prosjekt som stadig forbetrar og optimerer produksjons- og vedlikehaldsprosessane våre.
- Digital transformasjon: Spel ei nøkkelrolle i vår satsing på digitalisering, og bidra til å implementere nye teknologiar som formar framtida.
- Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, inspirerande arbeidsoppgåver, og eit inkluderande miljø der innsats og kreativitet blir verdsett.
Er du klar?
Søk i dag og bli med på laget vårt!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Industrimaskiner og -utstyr - ProduksjonUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6723 , Vestland
Svelgen
Antall stillinger
1karriere-kode
5990095Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
-
Tecno VVS søker trainee: ingeniør
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Fjellstrand søker trainee: Maskiningeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND -
Fjellstrand søker trainee: Elektroingeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND -
Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Programmerar
Framtidsfylket AS
LEIKANGER -
BKK søker trainee: Digital utvikling
Framtidsfylket AS
FØRDE