Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5062945Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Elektroinstallatør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bygg- og eigedomsforvaltning har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bygningar som Sunnfjord kommune eig. Dette er administrasjonslokaler, skular, barnehagar, institusjonar, kulturbygg, idrettsanlegg og kommunale bustader. Vi administrerer og utfører dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av bygningar og tekniske installasjonar
Vi har ansvaret for ein bygningsmasse på om lag 160 000 m2, fordelt på på ca. 80 formålsbygg og ca. 500 bustadeiningar.
Om stillingaSunnfjord kommune har behov for å styrke kompetansen innan elektrofaget. Vi ønsker å tilsette ein elektroinstallatør som vil vere fagleg og administrativt knytt til eininga Bygg- og eigedomsforvaltning.
Elektroinstallatøren vil ha det faglege ansvaret for alle arbeidsområder innanfor elektro. Det vil vere stort fokus på internkontroll, systemoppbygging og installasjonsarbeid.
Arbeidsoppgåver:- installasjonsarbeid, drift og vedlikehald
- andre oppgåver innan byggdrift ligg òg til stillinga
- sjå til at arbeid vert utført i samsvar med forskrift og krav for elektriske anlegg, godkjenne og kontrollere anlegg
- HMS- og kvalitetsansvarleg i sitt fagfelt
- kontakt mot mellom anna DSB og DLE
- avvikshandtering og gjennomføring av vedlikehaldsplaner
- kontroll og godkjenning av lågspenningsanlegg
- relevant bachelorgrad eller toårig utdanning som fagskuleteknikkar med relevant fagbrev
- minst 4 års relevant praksis opparbeidd etter endt utdanning
- godkjent prøve administrert av direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (søkar utan autorisasjon vert ikkje vurdert)
- erfaring frå større prosjektet når det gjeld framdrift, kvalitet og økonomi
- erfaring innan brannførebygging elektro
- erfaring frå tilsyn og revisjon
- erfaring både frå privat og offentleg verksemd
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5062945Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune