Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
Elektromontør / automatikarHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelØnsket Språk
Engelsk, NorskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
6380822Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
Tersan Havyard
Vil du vere med og byggje framtidas skip?
Elektromontør og automatikar – Tersan HavyardSkipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.
Vi har stor aktivitet og ei solid ordrebok. No søker vi dyktige elektromonørar og autoiatikarar til spennande prosjekt på verftet i Leirvik.
Arbeidsoppgåver:
- Installasjon, trekking og terminering av kablar om bord i skip
- Montering av tavler, fordelingsskap, instrument og elektrisk utstyr
- Testing og idriftsetting av elektriske anlegg
- Feilsøking, reparasjon og vedlikehald av system om bord
- Samarbeid med andre faggrupper for å sikre effektiv framdrift
- Bidra til kvalitet, HMS og god dokumentasjon i prosjektgjennomføringa
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som elektrikar / elektromontør (elektrikarfaget, automatikarfaget eller tilsvarande)
- Erfaring frå skipsbygging, industri eller offshore er ein fordel
- Evne til å lese og forstå elektro-teikningar og skjema
- Kjennskap til relevante forskrifter og regelverk (FEL, NEK, DNV, IEC) er ønskjeleg
- Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar:
- Strukturert, løysingsorientert og nøyaktig i arbeidet
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team
- Fokus på HMS og kvalitet
- Fleksibel og arbeidsvillig – med lyst til å lære nye ting
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte prosjekt i eit framtidsretta skipsverft
- Moderne fasilitetar og eit sterkt fagmiljø
- Moglegheiter for utvikling og spesialisering innan maritim elektro
- Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold
Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad
Stillinga rapporterer til: Teamleiar Elektro
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Teamleiar Elektro;
Elisabeth Langeland 919 94 516
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!
Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/
Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/
Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
Elektromontør / automatikarHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelØnsket Språk
Engelsk, NorskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
6380822Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
-
Platearbeidarar og Sveisarar– Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Industrimekanikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Prosjektingeniør Elektro – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Avdelingsleiar Elektro
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Industrirørleggar
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN