Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5325853Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Einingsleiar ved Fjell sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Spanande leiarstilling ved Fjell sjukeheim – 15 min køyring frå Bergen
Fjell sjukeheim ligg sentralt i helselandsbyen på Straume, berre 15 minutt køyretid frå Bergen. Det er gode parkeringsmoglegheitar og god offentleg kollektivtransport
Sjukeheimen har somatisk avdeling med 38 bebuarar fordelt på 3 fløyer med långtids-, korttids- og avlastningspasientar. Frå hausten 2023 vert det auke til 43 pasientar. På dementavdelinga er det 8 långtidspasientar.
Det er 2 avdelingsleiarar knytt til eininga, og ein har i dag eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø beståande av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, fysio/ergoterapeut, lege, musikkterapeut, fleire ulike studentkategoriar, kokk m.fl.
Vi held for tida på med fleire spanande prosjekter. Blant anna i høve til heltidskultur, TØRN, mentorordning, fagutvikling og arbeidstidsordningar.
Det er ei målsettjing å arbeida for ei heiltidskultur til beste for tilsette, leiarar og innbyggjarar. Dei som bur her skal oppleva tryggleik, trivsel, meistring og aktivitet, samt at tilsette skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt. Samarbeid med pårørande, frivillige og andre aktørar vert og viktig for å lukkast.
Som einingsleiar vil du ha heilhetleg ansvar for drift og utvikling av Fjell sjukeheim. Du deltek i Øygarden kommune sitt leiarnettverk for institusjonar og i Kommunalsjef for Helse og velferd sitt leiarteam.
Einingsleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.
Arbeidsoppgåver:
- Fag, personal og økonomiansvar
- Sikre samhandling, heilskap og fleksibilitet innan fagområdet og organisasjonen
- Væra pådrivar for gode rutinar, systemretta arbeid og effektiv tenesteyting
- Oppfølgjing av kommunen sine satsingsområder innan fagfeltet
Kvalifikasjonar:
- Du har relevant helsefagleg utdanning på høgskule - eller universitetsnivå
- Brei og relevant fagkompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Gode samarbeidsevner med tydeleg og god kommunikasjon
- Evne til å vera fleksibel og utviklingsorientert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønskjeleg med:
- Leiarutdanning
- Erfaring med heilskapleg verksemdstyring
- Erfaring frå omstillingsarbeid
Vi treng deg som:
- Evner å bidra til å skapa samhandling på tvers i organisasjonen
- Tek initiativ, arbeider sjølvstendig og er løysingsorientert innanfor handlingsrom som ligg til stillinga
- Er oppatt av i gje gode tenester innafor vedtekne økonomiske rammer
- Er ein synleg, samlande og tydeleg leiar
- Er glad i mennesker og har evne til å inspirera, involvera og vidareutvikla dine tilsette
Vi tilbyr:
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- IA- bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Leiarstøtte frå fagstab
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Høve til å søke startlån for helsepersonell https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/bustad-og-sosiale-tenester/okonomisk-stonad-til-bustad/startlan/startlan-for-a-rekruttere-og-behalde-helsepersonell/
Kontakt:
Kommunalsjef: Line Barmen, Mail: line.barmen@oygarden.kommune.no, Tlf: 99377018
Ass. kommunalsjef: Tove Helleland, Mail: tove.helleland@oygarden.kommune.no, Tlf: 99707128
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5325853Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.09.2023