Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Einingsleiar Tenestekontoret

Offentlig forvaltning

Naturskjønne Vestnes Kommune med sine fjell og fjordar ligg 40 min frå fjelltindane i Rauma og Åndalsnes, 35 min vakker ferjetur frå Molde og 50 min køyretid frå byliv i Ålesund. 

100 % fast stilling som einingsleiar ved Tenestekontoret.

Vi søkjar deg som, saman med fagleg dyktige medarbeidarar, ønskjer å vere sentral i å vidareutvikle helse og omsorgstenesta i Vestnes kommune.

Helse og omsorgstenesta er i ei spennande omstilling med høgt fokus på kompetanse og tenesteutvikling. For å sikre brukarane rett teneste til rett til tid er Tenestekontoret avgjerande. Det er viktig at kartlegging av brukaranes funksjonsnivå, tildeling av tenester og saksbehandling har fokus på å drifte helse og omsorgstenesta med kvalitative gode tenester og med så effektiv ressursutnytting som mogleg. Med dette som bakgrunn har Vestnes kommune oppretta ei ny stilling som einingsleiar ved Tenestekontoret. Pr. i dag er det 3,5 årsverk ved Tenestekontoret, men i den omorganiseringa ein no tek til på skal ein samle fleire stillingar som har arbeidsoppgåver på tvers av ulike einingar organisatorisk under Tenestekontoret. Ny leiar vil ha stor moglegheit til å påverke dei videre prosessane med utforming av Tenestekontoret som «navet» i helse og omsorg.

Den nyoppretta einingsleiarstillinga er direkte underlagt kommunalsjef og inngår i leiargruppa i helse og omsorgstenesta. Tenestekontoret er sentral når det gjeld å sørge for ei heilskapleg sakshandsaming i helse og omsorg, i tillegg har Tenestekontoret ansvar for spesifikke støttefunksjonar og teknisk drift. 

Eininga sine hovudoppgåver og ansvar:

  • Sakshandsaming av søknadar om helse og omsorgstenester
  • Rådgiving og rettleiing
  • Koordinering av heilskaplege og samordna helsetenester og pasientforløp
  • Hovudansvar for samhandling med helseføretak og ØHD når det gjeld utskrivingsklare pasientar
  • Overordna ansvar for individuell plan, koordinator og barnekoordinator. Oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator
  • Vederlagsberegning for langtidsopphold i institusjon
  • Overordna ansvar for ulike fagprogram

I tillegg kjem oppgåver og ansvar etter at andre fellesstillingar som rehabiliteringstenesta, hjelpemiddelforvaltninga, velferdsteknologikoordinator vert lagt til Tenestekontoret.

Kven er det vi søkjer?

Vi ser etter deg som har:

  • Minimum 3 årig relevant høgskule eller universitetsutdanning
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning og leiarerfaring
  • God kjennskap til kommunal tenesteyting, sakshandsaming og samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
  • God kjennskap til aktuelt lovverk og statlege føringar
  • Erfaring med tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid og god systemforståing
  • Gode digitale ferdigheiter og eit ønske om at teknologi og innovasjon skal vere sentralt i utvikling av framtidige tenester
  • Trivast med fagleg utvikling og kunnskapsbasert arbeid

Personlige egenskaper

  • Tillitsskapande, innovativ, kunnskapsrik og trygg i rolla som leiar
  • Gode formidlings, samarbeids- og gjennomføringsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Stor arbeidskapasitet og likar utfordringar
  • Strukturert, systematisk og resultatorientert og har evne til heilskapleg tenking

Du har eit brennande ønske om å vere med å påverke, utvikle og forbetre helse og omsorgstenestene 

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Fag-, personal- og økonomiansvar for eininga
  • Styrke og vidareutvikle tenestetilbodet i helse og omsorgstenesta
  • Ansvar for å sikre naudsynt kompetanseutvikling i tråd med lovverk, nasjonale føringar og rettleiarar
  • Ansvar for å utvikle rutinar og planar for tenesteområdet 

Stillinga kan ileggas andre arbeidsoppgåver

Vi tilbyr
- Spennande faglege utfordringar
- Eit godt fagmiljø og dyktige medarbeidarar
- Lønn etter avtale
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale


Tilsetjingsvilkår
Lønns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju.

Referansar
Oppgi referansar.


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må difor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.