• Company
    Surnadal kommune
  • Application deadline
    10.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Politi, brann og toll
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6650, SURNADAL
    SURNADAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3608028
  • Look here for other jobs from Surnadal kommune
  • Updated 16.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Surnadal kommune

Einingsleiar Teknisk drift

Politi, brann og toll

Vi søkjer deg som vil bidra til utvikling av dei kommunaltekniske tenestene i Surnadal kommune!

 

Teknisk drift har ansvar for dei kommunaltekniske tenestene innan veg,vatn,avløp,kommunal bygningsmasse,vaktmeister- og reinhaldstenester, brann- og redning, uteområde m.v.

Vi ser etter ein leiar som kan motivere og leie ei eining med om lag 40 årsverk og eit årleg brutto driftsbudsjett på 60 millionar.

Du er flink til å samhandle og arbeide tverrfagleg for å oppnå gode resultat. Du har lyst til å bidra til utvikling av dei kommunaltekniske tenestene, du er nysgjerrig på ny teknologi og du trivst med å motivere og legge til rette for at medarbeidarane dine skal bli enno betre. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for dei tekniske tenestene i kommunen
  • Økonomisk og fagleg ansvar og personalansvar for dei tilsette i eininga
  • Prosjektutvikling og prosjektstyring
  • Tverrfagleg samhandling og samarbeid
  • Kommunikasjon med andre offentlege myndigheiter, eksterne aktørar og innbyggarane i kommunen
  • Kompetanseutvikling i eininga
  • Det kan bli aktuelt med deltaking i overbefalsvakt

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis sivilingeniør/ingeniør eller anna relevant utdanning på master-/bachelornivå
  • Arbeidserfaring frå aktuelle fagområde 
  • Leiarerfaring- og/eller utdanning
  • Du er resultatorientert gjennom systematisk arbeid og gode prosessar
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort kl.B

 

Vi kan tilby:

Løn etter avtale med gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar.

Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.

Flyttegodtgjering etter reglane i kommunen sin personalplan. Vi kan hjelpe til med å skaffe bolig.

 

Søknad

Surnadal kommune ønskjer eit mangfald på arbeidsplassen som m.a speglar befolkninga med omsyn til kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.

Som hovudregel blir alle søkarar ført opp på den offentlege søkarlista i henhald til offentleglova.

Evt søknad om unntak for offentleggjering må grunngjevast. Grunngjevinga blir vurdert opp mot bestemmelsane i offentleglova. Dersom ønske om unntak ikkje kan takast til følge, vil søkaren bli kontakta før lista blir offentleg, jf.offentleglova § 25, andre ledd.

 

Ta gjerne kontakt med vår kontaktperson Torstein Sneisen i Headvisor for ein prat om stillinga !

  

 

  • Company
    Surnadal kommune
  • Application deadline
    10.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Politi, brann og toll
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6650, SURNADAL
    SURNADAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3608028
  • Look here for other jobs from Surnadal kommune
  • Updated 16.04.2021