• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3972193
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 22.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Einingsleiar/ Styrar 100% fast - Bjorøy barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:


Bjorøy barnehage er ein del av oppvekst i Øygarden kommune. Du vert dagleg leiar av ei flott barnehage med 5 avdelingar som held til på Bjorøy i Øygarden kommune. Barnehagen ligg i naturskjøne omgjevnader ca 12 min frå Sotrabrua og ca 15 min frå Vestkanten eller Straume.
Barnehagen har auka fokus på å fremje sosial og emosjonell kompetanse via «Dei utrulige årene», Circle of security, Dinosaur skulen og språkløypar.
I Bjorøy barnehage er det oppretta eit internt ressursteam som skal medvirke i arbeidet med å skape eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø og handtering av saker knytt til dette.
I dei kommande åra skal barnehagen samarbeide med høgskule og ha ei satsing på «eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning»
Saman jobbar vi også mykje med fagområda frå rammeplanen og har godt samarbeid på tvers av avdelingane. Vi set brukarmedveknad høgt og barnets beste er eit leiiande prinsipp.
Bjorøy barnehage skal vere ein trygg, nær og aktiv medspelar i barna sin oppvekst.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Som einingsleiar i Bjorøy barnehage har du delegert mynde frå kommunedirektøren/oppvekstleiing nivå 1 og ansvar for all drift innan økonomi, personal og fag
  • Du har overordna strategisk og operativt ansvar for barnehagen og skal planlegge drifta og gjennomføre dei mål som er sett
  • Du jobber målretta for auka nærvær og eit helsefremmande arbeidsmiljø
  • Som einingsleiar arbeidar du tenesteinnovativt, ved å videreutvikle barnehagen som ein pedagogisk verksemd og som tenestestad i Øygarden kommune
  • Aktivt jobbe for brukarmedverknad, fagutvikling og fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til utvikling og samarbeid på tvers av fag og einingar for å utvikle tenestene for innbyggjarane
  • Sikra eit trygt og godt psykososialt miljø for alle i barnehagen
  • Sikre høg kvalitet på tenesta, ein god kultur og eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Minimum 3 årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling
  • Leiarutdanning/leiarerfaring

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer ein einingsleiar som: 

  • ser på dei tilsette som ressursar
  • er ein god relasjonsbyggar
  • tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet i barnehagen
  • har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
  • er ein kreativ og inspirerande leiar
  • er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
  • er aktivt deltakande i samhandling og samskaping med dei andre barnehagane i kommunen
  • orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid, og som vil vere med å utvikle heile kommunen i lag med andre
  • har gode etiske haldningar
  • er fagleg sterk, nytenkjande og løysingsorientert
  • er strukturert og kan ta avgjersler
  • meistrar å håndtere fleire oppgåvar samstundes og har god kapasitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3972193
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 22.07.2021