• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    17.09.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5164023
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 30.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Einingsleiar samfunn

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune søkjer einingsleiar samfunn -

Har du lyst til å påverke samfunnsutviklinga i ei spennande leiarrolle?

Vaksdal kommune ligg sentralt plassert i Bergensregionen, midt mellom Bergen og Voss. Kommunen gjennomfører no store planleggingsoppgåver og investeringsprosjekt, og har ein viktig geografisk posisjon i arbeidet med K5- ny E16 og Bergensbanen.

Dersom du er klar for ei spennande og synleg leiarrolle med stor moglegheit til å påverke samfunnsutviklinga, er dette jobben for deg.  Du får ein sentral rolle i organisasjonen for å oppfylle kommunen sitt samfunnsoppdrag. Du vil bli leiar for eit dedikert, sjølvgåande og fagleg dyktig lag, i tett samarbeid med kommunalsjef og kommunedirektør.

Einingsleiar for Samfunn har resultatansvar for den daglege drifta. Eininga har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan planlegging, samfunnsutvikling, forvaltning og tenesteyting. Viktige drifts- og utviklingsoppgåver som prosjektstyring, samfunns- og arealplanlegging, byggesak, landbruk, miljø, kommunaltekniske tenester med meir ligg til eininga. Eininga er plassert under tenesteområde digitalisering, innovasjon og samfunn, og rapporterer til kommunalsjef. 

Vår nye einingsleiar skal

  • Leie og vidareutvikle eininga og fagområda
  • Være pådrivar for god samfunnsutvikling og bidra til å realisere kommunen sin mål
  • Leie og følgje opp prosjektportefølgjen
  • Førebu saker til politisk behandling og følgje opp vedtak
  • Sørge for god kommunikasjon og positivt samarbeid - internt og eksternt
  • Legge til rette for god dialog og samskaping med innbyggarar og samarbeidspartar
  • Bidra til digitalisering og innovasjon
  • Sørge for god økonomisk styring, oppfølging og rapportering

Vi ser etter deg som er resultatorientert, med evne til å prioritere og sette tydelege mål. Du inspirerer til nytenking og innovasjon, er inkluderande og god på samhandling i prosessar. I tillegg kommuniserer du godt, både munnleg og skriftleg.

Det er krav om relevant høgare utdanning, helst ingeniør/sivilingeniør eller andre tekniske fag. I tillegg til relevant erfaring frå faget, ser vi for oss at du har nokre års leiarerfaring med personal- og økonomiansvar. For å følgje opp prosjektporteføljen er det nødvendig at du har god kunnskap om prosjektarbeid og erfaring med prosjektstyring. Det er ønskeleg at du har kunnskap om bruk og utvikling av digitale arbeidsmåtar. God skriftleg framstillingsevne og kjennskap til offentleg sektor, enten som tilsett eller leverandør, er viktig. 

Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø. Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode. Du vil bli en del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige og hyggelege kollegar.   
Vaksdal kommune inviterer til et mangfaldig arbeidsmiljø. Vi ser etter dei rette kvalifikasjonane for stillinga og vil legge til rette for riktig medarbeidar.

 

 

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    17.09.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5164023
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 30.06.2023