• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3955380
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Einingsleiar samfunn

Vaksdal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune søkjer einingsleiar samfunn -

Har du lyst til å påverke samfunnsutviklinga i ei spennande leiarrolle?

Vaksdal kommune ligg sentralt plassert i Bergensregionen, midt mellom Bergen og Voss. Kommunen gjennomfører no store planleggingsoppgåver og investeringsprosjekt, og har ein viktig geografisk posisjon i arbeidet med K5- ny E16 og Bergensbanen.

Dersom du er klar for ei spennande og synleg leiarrolle med stor moglegheit til å påverke samfunnsutviklinga, er dette jobben for deg.  Du får ein sentral rolle i organisasjonen for å oppfylle kommunen sitt samfunnsoppdrag. Du vil bli leiar for eit dedikert, sjølvgåande og fagleg dyktig lag, i tett samarbeid med kommunalsjef og kommunedirektør.

Einingsleiar for Samfunn har resultatansvar for den daglege drifta. Eininga har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan planlegging, samfunnsutvikling, forvaltning og tenesteyting. Viktige drifts- og utviklingsoppgåver som samfunns- og arealplanlegging, byggesak, landbruk, miljø, kommunaltekniske tenester med meir ligg til eininga. Eininga er plassert under tenesteområde digitalisering, innovasjon og samfunn, som er leia av kommunalsjef. Einingsleiar vil inngå i leiargruppa til kommunalsjef. 

Vår nye einingsleiar skal

  • Leie og vidareutvikle eininga og fagområda.
  • Være pådrivar for god samfunnsutvikling og bidra til å realisere kommunen sin mål.
  • Leie og følgje opp prosjektporteføljen.
  • Førebu saker til politisk behandling og følgje opp vedtak.
  • Sørge for god kommunikasjon og positivt samarbeid - internt og eksternt.
  • Legge til rette for god dialog og samskaping med innbyggarar og samarbeidspartar.
  • Bidra til digitalisering og innovasjon.
  • Sørge for god økonomisk styring, oppfølging og rapportering. 
  • Ivareta direkte personalansvar for 8 tilsette (totalt 38 tilsette i eininga), og arbeide med organisasjonskultur og medarbeidarutvikling.  

Vi ser etter deg som er resultatorientert, med evne til å prioritere og sette tydelege mål. Du inspirerer til nytenking og innovasjon, er inkluderande og god på samhandling. I tillegg kommuniserer du godt, både munnleg og skriftleg.

Det er krav om relevant høgare utdanning, helst ingeniør/sivilingeniør eller andre tekniske fag. I tillegg til relevant erfaring frå faget, ser vi for oss at du har nokre års leiarerfaring med personal- og økonomiansvar. For å følgje opp prosjektporteføljen er det nødvendig at du har god kunnskap om prosjektarbeid og erfaring med prosjektstyring. Det er ønskeleg at du har kunnskap om bruk og utvikling av digitale arbeidsmåtar. God skriftleg framstillingsevne og kjennskap til offentleg sektor, enten som tilsett eller leverandør, er viktig.  

Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø. Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode. Du vil bli en del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige og hyggelege kollegar.    

Høyrast dette ut som ei stilling for deg? Ta kontakt med vår samarbeidspartner på rekruttering, Jefferson Wells, ved Veslemøy Selvik (tlf. 416 79 399) eller Helene W. Berger  (tlf. 979 64 010).

Vaksdal kommune er underlagt offentleglova. Etter søknadsfristen vert det utarbeida ei offentleg søkarliste. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. offentlegheitslova § 25. Dersom unntak frå offentlegheit ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette og gitt moglegheit til å trekke søknaden.

Vaksdal kommune inviterer til et mangfaldig arbeidsmiljø. Vi ser etter dei rette kvalifikasjonane for stillinga og vil legge til rette for riktig medarbeidar

 
  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3955380
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune