Detaljer

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    22.09.2020
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3125521
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

Einingsleiar/rektor

Einingsleiar/rektor - 100 % fast stilling - Eining for kvalifisering og integrering
Stillinga som einingsleiar er ledig frå snarast. Tiltredingsdato etter avtale. Stillinga har personal- og økonomiansvar for både vaksenopplæring og flyktningteneste.

Arbeidsoppgåver

Einingsleiaren har fullt økonomi- og personalansvar og det overordna faglege ansvaret for eininga. Eininga har pr i dag 11 faste tilsette samt mellombels tilsette morsmålsassistentar og andre i samband med ny busetting.
Kommunalsjef oppvekst er einingsleiar sin næraste overordna.

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må ha høgskuleutdanning med pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova § 9-1.
Ved tilsettinga vil det også bli lagt vekt på leiarkompetanse og gode samarbeidsevne. Det er ønskeleg at den som blir tilsett har fleirkulturell kompetanse. Vestnes kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.

Personlege eigenskapar

- handlings- og løysingsorientert
- framoverlent
- nytenkjande
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- evne til å motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- har eit heilskapleg fokus og evner å få eininga til å forstå kommunen sine mål og omsette dei i handling
- har gode samarbeidsevner på alle nivå i organisasjonen og med tillitsvalte
- har gjennomslagskraft og samstundes ei tydeleg og audmjuk tilnærming
- har godt humør, fleksibel, utadvendt og god på relasjonsbygging
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

Vi tilbyr

- eit godt fagmiljø og dyktige medarbeidarar
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 
Det blir stilt krav om politiattest. Ved tilsetting som krev politiattest, skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser

Oppgi  referansar.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.