Företag
Madsen og Brekke ASAnsökningstiden
06.05.2020Anställningsform
workTime.HeltidBransch
Rekruttering og bemanningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5590, ETNE
ETNE
Antal befattningar
1Karriere-kod
2864846Se här för andra jobb från Madsen og Brekke AS
- Uppdaterad 24.04.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Madsen og Brekke AS
Einingsleiar pleie og omsorg
Rekruttering og bemanning
Etne kommune søkjer ny einingsleiar pleie og omsorg i ein 100 % fast stilling.
Stillinga har eit overordna ansvar for pleie- og omsorgtenesta, og er ein del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg.
Pleie- og omsorgtenesta har om lag 75 årsverk og eit årleg budsjett på 57,9 mill kr.
Etne Omsorgssenter er eit nytt og moderne omsorgssenter som er godt tilrettelagt for bruk av velferdsteknologi, med 30 institusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar. Det er ein avdelingsleiar i 100 % stilling for institusjon og 3 fagsjukepleiarar.
Heimetenesta har 1 avdelingsleiar i 100 % stilling, og ein fagsjukepleiar i kvar personalbase. Heimetenesta har også ansvar for bemanna omsorgsbustadar, dagtilbud og praktisk bistand.
Eininga har kjøkkendrift ved både Etne og Skånevik omsorgssenter, gode treningslokaler for fysioterapi og lokale for frisør og fotpleie.
Tenesta har eit stabilt personale med høg kompetanse.
Me søkjer ein leiar som jobbar målretta, bidreg til nytenking og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil.
- Overordna administrativ og fagleg leiing av pleie- og omsorgstenesta
- Følgja opp økonomi, styring og rapportering innanføre vedtekne rammer
- Oppfølging av vedtekne planar som ligg til eininga
- Samordning og effektivisering av dei ulike avdelingane
- Overordna personalansvar og sikra eit godt arbeidsmiljø
- Ansvar for helse miljø og tryggleik i eininga
- Helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med vidareutdanning innan leiing eller økonomi
- Leiarerfaring med økonomi og personalansvar, helst frå helsesektoren
- Det er ønskeleg med erfaring innanfor områder som saksbehandling, ressursstyring, lov og avtaleverk, turnus og arbeidstidsordningar, fråvær og nærvær, HMS, internkontroll og kvalitetssikring
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, tenestemålet i Etne er nynorsk
- Førarkort kl. B
- Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
- Du må vera sjølvstendig, ha høg arbeidskapasitet med initiativ og evne til gjennomføring
- Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga
- Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktpersonar og søknadshandtering
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360 eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med Hilde Høyland konstituert kommunalsjef helse- og omsorg , Tlf. 472 86 539
Företag
Madsen og Brekke ASAnsökningstiden
06.05.2020Anställningsform
workTime.HeltidBransch
Rekruttering og bemanningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5590, ETNE
ETNE
Antal befattningar
1Karriere-kod
2864846Se här för andra jobb från Madsen og Brekke AS
- Uppdaterad 24.04.2020