Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Einingsleiar Kultur og ungdom

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Som einingsleiar for kultur og ungdom i Sunnfjord kommune vil du legge til rette for fagleg god kulturproduksjon, og for at det frivillige kulturlivet får moglegheita til å drive og vise fram sitt engasjement for kunst og kultur. Vi har  regionalt kulturbygg Førdehuset i Førde, men vi har fleire andre kommunale kulturlokale i kommunen.

Gjennom arbeidet som einingsleiar vil du få moglegheita til å sette ditt preg på kulturkommunen Sunnfjord i åra som kjem.

Målet til kommunen er å styrke det positive samhaldet slik at kommunen er  ein god bu- og utviklingsarena. Innbyggjarane i Sunnfjord kommune skal få høve til å oppleve kulturverdiar i sitt eige heimemiljø både gjennom kulturell eigenaktivitet og gjennom kulturverdiar skapt av andre. 

Førdehuset er for tida inne i ein spennande fase der ein jobbar med strategiplanen for utviklinga i åra som kjem.

Ei av hovudoppgåvene for einingsleiar er å sørge for at kulturhuset er eit regionalt kulturhus å rekne med, med utstyr og mannskap som gjer det enkelt å ta i mot større omreisande produksjonar, og sjølv sette opp kulturproduksjonar av høg kvalitet. Dette arbeidet vil skje i samarbeid med kommunalsjef for kultur og idrett og dei andre aktørane på huset. I tillegg til eigne tilsette kan kulturhusleiaren inngå samarbeid med eksterne aktørar som gjer det mogleg å fylle huset med kultur av alle slag. 

Einingsleiaren har base på Førdehuset, og sit i kommunalsjef for kultur og idrett si leiargruppe. Stillinga har fleksible arbeidstider, noko arbeidtid på kveld og helg må påreknast. 

Om dette høyrast spennande ut håpar vi du søker denne stillinga!

Vi har ledig: 
  • 100 % fast stilling som einingsleiar for Kultur og ungdom.
Arbeidsoppgåver: 
  • drift og utvikling av eininga 
  • personal- og økonomiansvar 
  • kulturhusleiar for Førdehuset som inneber ansvaret for å lage program, booking og konseptutvikling - både eigenproduksjon og utleige 
  • generelt kulturarbeid som deltaking i kulturminnearbeid med meir 
  • sekretær i 17. mai-komiteen for kommunen og  Sunnfjord kulturråd 
  • sakshandsaming 
  • samarbeide med kommunalsjef og øvrege aktørar om å gi kulturen ei bærande rolle i samfunnsutvikling i kommunen 
  • bidra til at kulturlokale elles i kommunen får utstyr, system og rutinar som gjer det enkelt å sette opp og oppleve kultur
Krav til søkar: 
  • høgare 3- åreg relevant bachelorutdanning 
  • leiarerfaring frå kulturfeltet 
  • god fagleg kompetanse 
  • erfaring med praktisk kulturproduksjon og arrangementsarbeid 
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • førarkort klasse B
  • personelge eigenskapar vert vektlagd
Vi søker deg som:
  • har erfaring med bookingarbeid 
  • har god kjennskap til offentlege og private tilskots- og finansieringsordningar på kulturfeltet 
  • er sjølvgåande, løysingsorientert, initiativrik 
  • er flink til å bygge samarbeid, flink til å bygge nye nettverk 
  • har eit godt auge for kvalitet på tvers av fleire kulturutrykk 

Vi håpar du som leiar vil vere med på å bidra til at vi løyser oppgåvene våre saman med andre, at vi er  opne både i tanke- og arbeidsmåte, at vi er gode både på å levere tenester og at vi er gode med kvarandre, og at med er nysgjerrige og løfter blikket så me kan utvikle oss vidare. 

I Sunnfjord kommune er vi engasjert, inkluderande og nær. Derfor er det viktig at du er:

Ein engasjert leiar:

Oppteken av fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid. 
Lojal i høve politiske og administrative avgjersler. 
Forvaltar fellesskapets ressursar på ein berekraftig måte. 
Modig, prioriterer tydeleg, tar avgjerder og utnyttar handlingsrommet sitt.

Ein inkluderande leiar:

Oppteken av brukarane. 
Ein god rollemodell med høg etisk standard. 
Tydeleg på å kommunisere forventningar, og gir tilbakemelding og ros.

Ein nær leiar:

Ser den einskilde, motiverer, viser tillit og gjev ansvar.
Er tilgjengeleg og til stades.

Vi tilbyr: 
  • løn etter avtale 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • spanande arbeidsoppgåver og gode kollegaer

Politiattest må leggast fram før tiltreding i stillinga. 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi håpar å høyre frå deg!

Du må søke elektronisk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.