• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    09.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5967347
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Einingsleiar for Eigedom og utbygging

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Giske kommune er i sterk vekst, og vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert einingsleiar for eigedom og utbygging. Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for drift, utvikling og forvaltning av kommunen sine bygg og eigedommar, samt reinhaldstenester. Til stillinga ligg også næringsutvikling i samarbeid med næringslivet. Utvikling av Gjøsund hamn blir viktig dei neste åra.   

Eininga er viktig for kommunen sine føremålsbygg og eigedommar, og er ein sentral servicepartnar for andre kommunale avdelingar.

Eigedomsavdelinga i Giske kommune har ansvar for å forvalte, drifte, vedlikehalde og utvikle ein bygningsmasse på om lag 60 000 m², som inkluderer skular, barnehagar, institusjonar, omsorgsbustadar, bukollektiv, utleigebustadar, næringsbygg og administrasjonsbygg. Denne bygningsmassen har ein estimert verdi på rundt 1 milliard kroner. Målet for avdelinga er å oppretthalde ein standard som fremjar trivsel, helse og miljø for brukarane av bygget.

Reinhaldsavdelinga har ansvar for reinhald av om lag 60 000 m² fordelt på kommunale bygg. Denne flaten aukar kontinuerleg, og i løpet av 2024 vil avdelinga ha tatt over reinhaldstenester ved Løkevegen bufellesskap, IT-brakka og ungdomsklubben Øy’ne. Avdelinga tilpassar seg også endringar som auka elevtal på Valderøy barneskule og Giske ungdomsskule.

Næringsavdelinga har ansvar for Hoppid-kontor, strategisk næringsplan, landbruk og er kontaktpunkt for næringslivet i andre relevante saker.
Som einingsleiar vil du få ansvar for ei spennande og omfattande verksemd i ei eining med 25 tilsette, der samarbeid og samspel mellom dei ulike avdelingane er sentralt for å oppnå målsettingar.

I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden. 

Vi ser fram til å få din søknad og høyre kvifor du er den rette kandidaten for stillinga.

Kvalifikasjoner:

  • Høgare relevant utdanning frå universitet/høgskule.
  • Relevant leiarerfaring, helst frå offentleg og/eller privat sektor.
  • Kompetanse innan plan- og utviklingsarbeid og prosjektleiing.
  • God kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid.
  • Erfaring med eigedomsforvaltning og kjennskap til relevant lovverk.
  • God digital kompetanse.
  • God norsk skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Førarkort klasse B.

Personlige egenskaper:

  • Være ein leiar som kan handtere eit stort mangfald av tilsette i vaktmeister- og reinhaldskorpset.
  • Evne til å vere ein tydeleg, motivasjonsdriven og løysingsorientert leiar.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg.
  • Evne til nytenking og å vere ein pådrivar for endring og utvikling.
  • Strukturert og evne til å prioritere ressursar og oppgåver effektivt.
  • Evne til å skape og oppretthalde gode relasjonar med tilsette, innbyggjarar og samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr:

  • Ei leiarstilling med stort ansvar og moglegheit for å bidra til utvikling av Giske kommune.
  • Dyktige medarbeidarar og eit sterkt fagmiljø.
  • Løn og vilkår etter avtale.


 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    09.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5967347
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune