Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
09.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662034Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Einingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Aukra kommune?
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert einingsleiar for Institusjon, bu- og habiliteringstenester.
Aukra kommune står framfor eit spennande og omfattande utviklingsarbeid med å forme framtidas helse- og omsorgstenester fram mot 2040. Vi søkjer derfor ein leiar som ønskjer å bidra til utvikling av berekraftige, framtidsretta og brukarorienterte tenester.
Eininga har ansvar for å tilby trygge, omsorgsfulle og fagleg gode tenester til innbyggjarane gjennom heile livet. Verksemda omfattar institusjon, bu- og habiliteringstenester, med fagmiljø som arbeider for å fremje helse, meistring og livskvalitet. Eininga er ein del av sektor for helse og omsorg.
Som einingsleiar får du eit overordna ansvar for drift, økonomi, fagutvikling og personal. Du leier to avdelingsleiarar og har ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen. Du blir ein del av kommunalsjefen si leiargruppe.
Krav til søkar
Aukra kommune søkjer ein einingsleiar med erfaring frå pleie- og omsorgstenester i kommunal sektor, og med engasjement for utvikling av gode og brukarorienterte tenester. Vi ønskjer ein leiar som kan samarbeide på tvers av fagområde, kommuniserer tydeleg både internt og eksternt, og som er ein lagspelar. Du må vere ein målretta og strategisk leiar som arbeider til det beste for brukarane, organisasjonen og lokalsamfunnet. Relevant høgare utdanning og leiarerfaring er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
er løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert
har evne til å inspirere og motivere medarbeidarar og skape eit godt arbeidsmiljø
er strukturert og arbeider målretta i tråd med kommunen sine overordna mål og planar
er handlekraftig og har god gjennomføringsevne
kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar internt og eksternt
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Deltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe
Ei spennande og utfordrande leiarstilling med stor moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Aukra kommune fram mot 2040
Moglegheit til å leie endrings- og utviklingsarbeid i ein kommune med høge ambisjonar for tenestene sine
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale
Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Mangfald
Aukra kommune fremjar mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på seks månader. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt.
Offentleg søkjarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om unntak frå søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling».
Søknadsfrist: 09.08.2026
Utlyst dato: 02.07.2026
Kontaktperson
Silje Liepelt, kommunalsjef for helse og omsorg
Telefon: 918 22 250
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
09.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662034Se her for andre jobber fra Aukra kommune