• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    17.06.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3885529
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

Einingsleiar

Vestnes kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingstype:

Det er ledig 100 % fast stilling som Einingsleiar for Heimetenestene i Vestnes kommune.

Heimetenestene i Vestnes ligg sentrumsnært i Helsehuset Stella Maris. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp, heimevaktmester, fysioterapeut, ergoterapeut og dagsenter. Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Leiinga består av einingsleiar og 2 avdelingsleiarar.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Drive eininga fram gjennom organisasjonsutvikling
  • Overordna fag, personal og økonomiansvar
  • Rapportering ved utarbeiding av styringsdokument i kommunen (årsmelding, budsjett og økonomiplan)
  • Samhandle med øvrige leiarar og eksterne samarbeidspartar for å styrke samt vidareutvikle tenestetilbodet totalt sett i kommunen
  • Saksbehandling/fatte vedtak etter helse- og omsorgstjenesteloven

Kven er det vi søker etter?

Vi ser etter deg som har minimum 3 årig utdanning innan helse- og sosialfag.

  • Du har, eller ønsker å ta, vidareutdanning i leiing og / eller økonomiske fag
  • Det er ønskeleg med leiarerfaring 
  • Erfaring frå arbeid med heimebasert omsorg
  • Du er fleksibel, framoverlent og har endringsvilje
  • Du har eit brennande ønske om å vere med å påverke, utvikle og forbetre tenesteområdet til Vestnes Kommune
  • Du har ein stor arbeidskapasitet, bør trivast i ein hektisk kvardag og kunne leie dine medarbeidarar med entusiasme og glede
  • Du bør kunne beherske IT-verktøy på ein god måte
  • Må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og ha gode kommunikasjonevner. Kravet til språk er minimum B2

Personleg eignaheit vert vektlagt

 

Vi tilbyr
- Leiarutviklingsprogram / deltaking i leiargruppe / leiaroppfølging
- Spennande stilling i ei eining i utvikling
- Eit godt fagmiljø og dyktige medarbeidarar
- Lønn etter avtale
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Lønns- og tilsettingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må difor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

 
  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    17.06.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3885529
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune