• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5582282
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Einingsleiar 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leirstaden Barnehage er ein barnehage med 5 avdelingar sentralt på Foldnes, få minuttar unna kommunesenteret på Straume.

Vi er ein kulturbarnehage og i år har vi satsingsområde «Kystkultur» der vi er i startfasen av eit samarbeid med «Fremtidshavet». Vi har òg eit godt samarbeid med kulturskulen og tilbyr i år dans, der det er lagt fokus på tema vi jobbar med. Barnehagen har eit særleg fokus på samarbeid internt og er opptatt av å levere eit godt tilbod med høg kvalitet.

Arbeidsoppgåver:

  • Som einingsleiar har du ansvar for all drift innan økonomi, personal og fag

  • Du har overordna strategisk og operativt ansvar for barnehagen. Som leiar skal du planlegge drifta i henhol til gjeldande lov og regelverk, og gjennomføre dei måla som er sett.
  • Nytte ulike program som Framsikt, Websak, Visma opptakssystem(snart Vigilo), Compilo, Ressursstyring med fleir
  • Nokre viktige verktøy i arbeidet er kommunens sin samfunnsplan, leiingskompasset og betre tverrfagleg innsats
  • Arbeide målretta for å sikre høg kvalitet på tenesta, ein god kultur og auka nærvær i eit helsefremmande arbeidsmiljø
  • Sørge for bemanning og best mogleg utnytte dei samla ressursar i eininga.
  • Som einingsleiar arbeidar du tenesteinnovativt, ved å vidareutvikle barnehagen som ein pedagogisk verksemd og som tenestestad i Øygarden kommune
  • Aktivt jobbe for brukarmedverknad, fagutvikling og fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Sikra eit trygt og godt psykososialt miljø for alle i barnehagen

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar, eventuelt annan godkjent utdanning i tråd med barnehageloven §24

  • Leiarerfaring med personalansvar og erfaring frå barnehage

Ønskjeleg med:

  • Leiarutdanning
  • Relevant mastergrad innan fagområdet
  • God kunnskap om leiing, økonomi, personal og IKT

 

Anna:

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5582282
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.02.2024