• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5197625
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Eigedomssjef, Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du å bli ein del av eit team der framtida i Vestland si nest største kommune vert skapt? I ein kommune som er kjent for å vera framoverlent og utviklingsorientert? Har du leiarerfaring, trivst i eit miljø med høge forventningar, spanande arbeidsoppgåver og i eit samfunn i stor utvikling, er kanskje dette stillinga for deg. 

Som Eigedomsjef i Øygarden vil du få ein spanande kvardag, med det overordna ansvaret for eigedomsforvaltning og -utvikling i kommunen. Du vert ein del av kommunalsjefområdet, Kultur og samfunn si leiargruppe, og blir dermed ein del av det strategiske leiarskapet på områda samfunnsplan, arealplanar, byggjesak, kultur, reinhald, drift m.m., og sjølvsagt eigedomsporteføljen som vil vera ditt ansvarsområde. I tillegg til rolla som eigedomsaktør har kommunen ei viktig rolle i dei store samfunnsdrivarane som nytt Sotrasamband, ny godshamn på Ågotnes, Northern Lights (karbonfangst og lagringsanlegg) og industriverksemd som følgje av dette i Energiparken nord i kommunen.

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter med kommunedelsenter på Ågotnes, Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Våre verdiar:

Stolt - På lag - Modig - Med glød

 

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna styring og leiing for området
  • Strategisk utvikling og forvaltning av kommunen si eigedomsportefølje både innanfor bygg og areal
  • Saksansvar for politiske saker
  • Ansvar for å arbeide strategisk med gjennomføring av planar, inkludert arbeid med utbyggjingsavtalar. Leiar for avdelinga Eigedomsutvikling og gjennomføring, herunder og gjennomføring av investeringsprosjekt innan bygg og anlegg/samferdsle
  • Gje leiarstøtte og oppfølgjing til einingsleiarane for Reinhald og Eigedom (Forvaltning og planleggjing, Eigedomsdrift, Veg og Park, park og grønt). Desse einingane ligg under Eigedomssjefen.
  • Samording på tvers i organisasjonen
  • Organisasjonsbyggjing
  • Sikre arenaer og rutinar for god informasjon og kommunikasjon

 

Kvalifikasjonskrav: 

  • Formell utdanning på høgskule- eller masternivå
  • Dokumentert erfaring med leiing av ein større organisasjon
  • Erfaring med bygg- og anleggsprosjekt
  • God kjennskap til eigedomsforvaltning
  • Erfaring med offentlege anskaffingar
  • Erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid
  • God økonomi- og budsjettforståing
  • Erfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring

  

Personlege eigenskapar:

  • God relasjonsbyggjar
  • Skaper resultat gjennom involvering og medverknad
  • Har evne til å skapa tydelege forventningar, gje støtte, utvikla og inspirera leiarar og medarbeidarar
  • God på å kommunisere, både skriftleg og munnleg
  • Du er ein utviklingsorientert og nysgjerrig person med evne til å tenkje heilskapleg
  • Løysingsorientert og evne til å sjå nye tilnærmingsmåtar
  • Fleksibel, initiativrik og sjølvstendig

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for heimekontor

 

Kontakt: Kommunalsjef Silje Haukedal, telefon 936 25 320

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5197625
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.05.2023