Ledig stilling

Sogndal kommune

Eigedomsforvalter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eigedomsforvaltar går ut i foreldrepermisjon frå 01.09.2024. Eigedomsforvaltar svarer ut saker om kommunale eigedomar og bygningar, samt generelle spørsmål som innbyggjar kan ha om sine eigedomar.  

 

Arbeidsoppgåver 

  • Generell sakshandsaming/utgreiingar  
  • Oppfølging av nabovarsel.  
  • Rettleiie andre einingar i kommunen i saker som gjeld eigedomsforvaltning. 
  • Oppgåver ved grunneigarspørsmål mellom anna ved kart- og oppmålingsforretningar.  

Ansvarsområde:
  • Følgje opp satsingsområdet «fruktbare tetttstader» i samfunnsplanen.   

 

Kompetanse:
  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning gjerne innan økonomi, juss og/eller eigedom.
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. 
  • Relevant arbeidserfaring.  
  • Erfaring med sakshandsaming. 
 

Me ser for oss ein person som har desse eigenskapane: 

  • Er systematisk og ryddig  
  • Er løysningsorientert og har gjennomføringsevne  
  • Har gode samarbeidsevner 
  • Kommuniserer godt og har evne til å bygge relasjoner mellom menneske.  
  • Evne til å få med seg andre og til å jobbe i team  
  • Like å jobbe sjølvstendig og vere med å skape innhaldet i eigen arbeidsdag  

 

For oss er det viktig at du jobber etter Sogndal kommune sine verdiar som er samskapande, open, god og nysgjerrig. 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting. 

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninga.
  • Gode velferdsordningar.

 

Andre opplysningar: Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss.

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.