Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Dyktige sjukepleiarar til heimesjukepleien

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Bergen og Voss. Ferdsleårene Bergensbanen og stamvegen E16 går gjennom kommunen. Her kan du få glede av både by- og bygdekultur på same tid. Kommunen har eit særs rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Naturopplevingane er uendelege. Vaksdal er i stadig utvikling og forventar endringar i framtida knytt til ny utbygging av stamvegen mellom Oslo og Bergen.

Vaksdal kommune har ledig fast stilling til sjukepleiar. 

Om arbeidsstad: Heimesjukepleien

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til teamet vårt i heimesjukepleien. Vaksdal kommune satsar på sjukepleiarkompetanse i heimebasert omsorg, og me har heile 15 sjukepleiarstillingar i turnusen.

No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega. Stillingsstorleik 82%.

Som sjukepleiar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse.
Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. 
Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrer som blant anna smertepumper og intravenøs behandling. 

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. 
Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Me har gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom både intern oppfølging og vidareutdanningar. Me gjev tillegg i løn for relevant vidareutdanning.

Søknader vil bli vurdert fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarfagleg oppfølging av pasientane
  • Ansvarsvakt, med e-dialog med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
  • Kvardagsrehabilitering i heimen
  • Omsorg og pleie
  • Palliasjon i heimen, for heimesjukepleien

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
  • Førartkort klasse B 
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Likar utfordringar og sjølvstendig arbeid
  • Evna til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande
  • Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
  • Evnar å sjå heilskapen i tenesteproduksjon og vera med å utvikle dei ulike fagmiljøa
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.       

Vaksdal kommune kan tilby

  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Vaksdal kommune har skular på Dale, Stanghelle, Stamnes og Eksingedalen, og er i gong med å byggje ny skule på Vaksdal. Det er god dekning i barnehageplass.

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 955 27 504