Detaljer

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    25.10.2020
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3163129
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Dyktige sjukepleiarar til heimesjukepleien

 

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til teamet vårt i heimesjukepleien. Vaksdal kommune satsar på sjukepleiarkompetanse i heimebasert omsorg, og me har heile 15 sjukepleiarstillingar i turnusen.

No er det ledige stillingar, og vi håpar du vil bli vår nye kollega. Me er fleksibel på stillingsstorleik frå 80-100%. Som sjukepleiar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Du får god opplæring og tett oppfølging.

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg.
Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrer som blant anna smertepumper og intravenøs behandling.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Me har gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom både intern oppfølging og vidareutdanningar.

Arbeidsstad

Vaksdal kommune, heimesjukepleien.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarprosedyrer
  • Ansvarsvakt, med e-dialog med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
  • Kvardagsrehabilitering
  • Omsorg og pleie
  • Palliasjon i heimen

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
  • Førartkort klasse B
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og sjølvstendig arbeid
  • Evna til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande
  • Utviklings- og løysingsorientert
  • Evnar å sjå heilskapen i tenesteproduksjon og vera med å utvikle dei ulike fagmiljøa
  • Fagleg trygg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.       

 

Lønsvilkår

Etter gjeldande lov og avtaleverk
 

Vaksdal kommune kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 955 27 504