• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4855196
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Lærar 100 % fast - Torpo skule

Offentlig forvaltning

Vårt lærarteam på Torpo barneskule manglar ein kollega. Brenn du for læraryrket og har undervisningskompetanse på trinn 1-7, så vil me ha deg med på laget.

Torpo skule er ein fådelt skule med 44 elevar og 4 klassar. 7 heile lærarstillingar er knytt til skulen. Torpo skule vart fullrenovert i 2010, og er spesielt godt egna for bruk av utemiljøet i undervisninga. Skulen har stor gymsal og svømmebasseng, skårar høgt på trivsel hjå elevane og har eit godt læringsmiljø for store og små. Her er det ledig 100 % fast stilling som lærar, gjerne med kontaktlærarfunksjon.

"Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing. Det er innført iPad/PC til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend undervisningskompetanse i trinn 1-7 jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3.
  • Har du kompetans i basisfaga, så er det gull. Om ikkje, vil me tilby deg støtte til vidareutdanning i engelsk eller norsk som undervisningsfag.
  • Før gjerne opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.
  • Me ønskjer vidare at du har ein god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulane i Ål nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på desse eigenskapane:

  • du ynskjer å bidra til god læring for elevane
  • du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
  • du trivst i ein digital kvardag
  • du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • du ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • du har engasjement for elevar med spesielle behov

Me tilbyr

  • ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
  • ein skule med stort engasjement for pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • høg trivsel blant elevane
  • godt samarbeid mellom skule og heim
  • hjelp til å finne bustad

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4855196
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.11.2022