Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Driftsoperatør VA

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Reint vatn kjem ikkje av seg sjølv. Det står ein teknologisk avansert bransje og mange dyktige medarbeidarar bak. No treng me deg med på laget!

  • Grunna personell som går av med pensjon søkjer me etter driftsoperatør på vatn og avløp.
  • Driftsoperatørane driftar og vedlikeheld kommunale anlegg. Dette krev mellom anna god teknisk forståing og digital kompetanse. Samstundes har operatørane mykje kontakt med abonnentane. Som tilsett hjå oss får du stor variasjon i arbeidet og utfordrande arbeidsoppgåver.

Vatn og avløps-avdelinga i Kvam herad består i dag av 6 driftsoperatørar, driftsleiar og ingeniør/prosjektleiar og har ansvaret for drift og vedlikehald av VA anlegga i heradet, samt prosjektering og byggeleiing av nye. Eininga skal sørga for å levera reint og trygt drikkevatn, samt sikra forsvarleg handtering av avløpsvatn.

Er du serviceinnstilt, sjølvstendig og har dei kvalifikasjonane me treng, så er du kanskje vår nye medarbeidar ved VA avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåvene vil vera knytt til drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga våre, blant anna:

  • Bidra til effektivisering og nyskaping i vatn- og avløpstenester
  • Drikkevassproduksjon (kontroll, ettersyn og styring av vassbehandling/prosessanlegg)
  • Vassdistribusjon (pumpestasjonar og ledningsnett)
  • Nyare avløpsrenseanlegg (kontroll, ettersyn og styring av prosessanlegg)
  • Avløpsnett (pumpestasjonar og ledningsnett)
  • Arbeid med utsjekk, feilsøking, kamerakøyring og dokumentasjon av ledningsnett og kart
  • Ved behov delta i ulike prosjekt i samband med bygging eller rehabilitering av tekniske installasjonar
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Teknisk kvalifikasjon, fagbrev som røyrleggjar, anleggsrøyrleggjar, mekanikar eller innan kjemi/prosess
  • Relevant erfaring og utdanning kan kompensere for manglande fagbrev
  • Førarkort, minimum klasse B, ynskjeleg med C
  • God digital kompetanse
  • God norskkunnskap

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Nyfiken og interessert i fagfeltet
  • Fleksibel og evne til å tileigna seg ny kunnskap
  • Tek ansvar, er påliteleg og arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Samarbeider godt med andre, også på tvers av fagfelt
  • Open for nye arbeidsmetodar i framtida

Vi tilbyr

  • Ein trygg og kjekk arbeidsplass med varierte, spanande og utfordrande oppgåver
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Arbeid både ute og inne
  • Løns-/og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.